– Det er vår framtid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen vart først publisert hos Studvest

– Kor enkelt er det ikkje å kjøpe brukt? Gå på Fretex i staden for IKEA, oppfordrar Ingrid Udd Sundvor.

Ved sida av benken ho sit på, står det parkert ein rød sykkel; ein som ho fann i ein containar ved burettslaget ho budde i tidlegare. Sundvor er leiar for Bergen Natur og Ungdom, og meiner at alle bør engasjere seg i klimasaka.

– God klimapolitikk er essensielt for eit berekraftig samfunn, seier Sundvor.

LES OGSÅ: Historisk klimaavtale – men kva betyr den?

– Inga enkel Petter Smart-løysing
Helge Drange er professor ved Universitetet i Bergen (UiB) og klimaforskar ved Bjerknessenteret. Han er heilt sikker på at svært få vil ønske seg den framtida vi går i møte dersom vi fortset med dagens utsleppsnivå, og understrekar at det er mykje vi kan gjere for å bremse utsleppa.

– Det finst inga enkel Petter Smart-løysing, seier han.

UiB-professoren legg vekt på at vi treng politisk leiarskap, meir fornybar energi og energieffektivisering. Han meiner også vi bør bygge plussbygningar som produserer straum.

– Vi kan ikkje fortsette med det forbruksjaget vi har i dag, legg Drange til.

LES OGSÅ: – Prisen for å nå togradersmålet er beskjeden

– To grader ikkje veldig realistisk
Den 2. november lanserte Klimapanelet til FN (IPCC) siste del av sin femte hovudrapport. Den er basert på tre delrapportar frå ulike fagdisiplinar som kom ut i 2013 og 2014, og er meint å gi ei heilheitleg vurdering av klimaet (sjå faktaboks).

– Når jorda blir mellom to og tre grader varmare enn førindustriell tid, må ein tilbake tre millionar år for å finne tilsvarande klima på jorda, seier Drange, som ikkje ser lyst på klimaframtida slik den ser ut i dag.

Han fortel at det på den tida ikkje var moderne menneske på jorda, og at dersom vi overstig togradersmålet kan vi forvente eit klimasystem som vi ikkje har erfaring med, og som vi ikkje veit om dyr og plantar vil greie å tilpasse seg til.

– To grader verkar ikkje veldig realistisk, ingen nasjonar har ein politikk i tråd med dette. Nullutslepp rundt år 2040 er sannsynlegvis nødvendig, seier klimaforskaren.

klima_ØA_02

MILJØFORKJEMPAR. Ingrid Udd Sundvor er opptatt av at folk skal engasjere seg for miljøet, og meiner bruk av kollektivtransport og sykkel er viktige tiltak. – Dagsturen til London er heilt forferdeleg, seier ho. FOTO: Ørjan Andreassen

LES OGSÅ: – Eit viktig steg mot eit grønare samfunn

– Nokon må begynne
Ingrid Udd Sundvor er einig i at forbruket må ned. Ho meiner også at alle bør reise meir miljøvennleg. Sjølv er ho vegeterianar, og er opptatt av det forureinar å produsere kjøt. Å ete mindre kjøt, og å kjøpe brukte kle og møblar, meiner ho er måtar å bidra i kampen mot global oppvarming på.

– Nokon må jo begynne! Det er vår framtid, seier Sundvor, før ho syklar vidare på sin raude, oppussa containarsykkel.

LES OGSÅ: Uten Kina, inga klimaløysing

FN sin synteserapport

  • Det blir stadig varmare, meir nedbør og ekstremvær.
  • Det er ekstremt sannsynleg at menneskeskapte utslepp er årsaka til temperaturauka.
  • Uten nye tiltak blir det forventa at det vil bli mellom 3,7 og 4,8 grader varmare enn i førindustriell tid.
  • Aukande utslepp og påfølgande oppvarming aukar risikoen for irreversible klimaendringar, men risikoen kan reduserast ved raske og høge utsleppskutt.
  • Det er risiko for tap av naturmangfold, og redusert vatn- og mattryggleik.
  • Klimagassutsleppa har aldri vore høgre. Viss vi fortset som i dag vil vi bruke opp verda si utsleppskvote på 25-30 år.
  • For å nå det offisielle togradersmålet må globale klimagassutslepp reduserast med 40-70% frå 2010-2050, og vere nær eller under null i 2100.
  • Enkeltindivid kan bidra, m.a. gjennom endringar i forbruk, energisparingstiltak, kosthaldsendringar og ved å kaste mindre mat.
  • Begrensing av klimaendringene er avgjerande for å sikre ei bærekraftig utvikling og bekjempe fattigdom.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vere klimaoptimist