Invitasjon til regjeringas julebord!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Invitasjon til Ernas julebord

Kjære regjeringskollegium/Jadda!!!

(Vi blei nødt til å ha ei todelt overskrift i invitasjonen, sidan Høgre og FrP ikkje klarte å samle seg om ei felles overskrift)

Komiteen har arbeidd hardt. No er det meste på plass, og det er endelig duka for regjeringsjulebord med Høgre og FrP (og med verdifulle innspel frå Venstre og KrF (særlig)).

UNDERHALDNING!

Det vanskeligaste har vore å finne nokon som kan stå for underhaldninga på julebordet. Det har vist seg bortimot umulig å finne nokon i regjeringa som har underhaldningsverdi. Forslaget om Vidar Helgesen blei ikkje tatt alvorlig. Under diskusjonen om å leige inn eksterne underhaldarar, blei det fremja eit forslag om at Carl I. Hagen kunne komme til julebordet og snakke i tre-fire timar om politikken i gamle dagar. Dette forslaget blei avvist då det viste seg at det blei fremja av Carl I. Hagen. Hagen blei vennlig vist på dør med den grunngivinga at han ikkje er med i regjeringa. Noko det blei fremma kampvoteringsforslag om. Men forslaget kom frå utsida av døra, så då blei Hagen  beden om å halde kjeften sin.

Med budsjettdiskusjonane friskt i minne, blei alle andre forsøk på å finne kompromiss på dette området droppa.

Det blei derfor bestemt at årets regjeringsjulebord skal vere utan underhaldning.

LOKALE!

Det har vidare blitt bestemt at julebordet skal gå føre seg i eit hyggelig norsk lokale med pinnekjøt, rotmos, øl og akevitt. Regjeringas støttespelarar Venstre og KrF ønskte seg helst ein fest i eit middels hyggelig internasjonalt lokale med lengeverande barneunderhaldning. KrF var dessutan naturligvis imot det med akevitt. Det blei inngått eit kompromiss som gjekk ut på at desse to fillepartia skal halde seg til helvete unna regjeringas julebord, og finne seg eit trist lokale der dei kan drikke saft for seg sjølve, dersom det verkelig er det dei vil. KrF og Venstre sa seg svært fornøgde med å ha fått såpass gjennomslag for sine ønske, og gjekk sporenstreks i gang med å leite etter eit passande lokale.

Regjeringa ønsker dei lykke til og håper dei får ei fin feiring. Særlig.

MAT!

Opprinnelig hadde justisminister Anders Anundsen fått ansvaret for maten, sidan alle lenge har meint at han er ein skikkelig ordentlig type til å ha vore med såpass lenge i FrP. Anundsen gjorde naturligvis alt på korrekt måte. Han sendte eit bestillingsbrev til ein underliggande etat som omformulerte brevet til eit intensjonsskriv med klare retningspeikarar for regjeringas ønske til eit cateringbyrå. Anundsen seier sjølv at han gav klar beskjed om at alle skulle ha pinnekjøt og rotmos, men dessverre har det skjedd ein glipp, og cateringbyåret kom i staden i skade for å sende store mengder lam ut av landet. Anundsen seier han ikkje forstår korleis dette kan ha skjedd. Han har no kalla inn cateringbyåret til ein samtale for å komme til botns i saka, men han understreker også at han sjølvsagt har og tar ansvaret for det som har skjedd og vil tilbringe mesteparten av julebordet liggande flat.

Derfor har Anundsen blitt fråtatt ansvaret for maten, som i staden har gått til matminister Sylvi Listhaug, som for tida arbeider med å finne ut kor lite det er mulig å betale for mat til eit julebord.

Anundsen ønsker dessutan å understreke at det er for tidlig å seie om lamma får komme tilbake til Norge.

Så då skulle det meste vere klart for fest! Kom klokka åtte.

Til dei som synest denne invitasjonen blei ein smule kronglete, så seier vi berre: Hald kjeft. Det kunne vore verre. Mykje verre. I Sverige, for eksempel, er regjeringsjulebordet utsett til mars, og ingen veit kven som blir invitert.

For at ikkje Venstre og KrF skulle bli for sure, gjekk vi med på å skrive invitasjonen på nynorsk. Som om nokon bryr seg.

Så desså/Hjertelig velkommen!

(Heller ikkje her blei dei to partia enige)


Først publisert i Aftenposten 6. desember.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!