Det skjulte universet i fjordane

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Avslører livet i djupet

Han er marinbiolog, og likar ikkje å sitja inne på kontoret og studera daude dyr på eit spritglas. Per Robert Flood reiser ut med båten sjølv, og tek bilete av dyr som endå lever. Resultatet er i ei fersk bok: «Fjord – Livet i dypets skjule univers»

– Det er forma som ein kavalkade for dei ulike livsformane i Vestlandsfjordane. Alt frå dei minste bakteriar, via alger og gjennom dyrerekka frå eincella skapningar til sjøpattedyr, forklarar Per Robert Flood entusiastisk. Marinbiologen har i lang tid vore særskild interessert i kva som lever i fjorden.

– Veit me for lite om kva som gøymer seg der nede?

– Det trur eg me trygt kan seia. Me har langt ifrå full oversikt endå, sjølv ikkje i områda der universiteta har forskingsstasjonar. Der oppdagar me stadig nye artar, svarar Flood. Han har sjølv oppdaga ein ny art.

– Den er ikkje skildra vitskapleg endå, men den dukkar opp i boka, legg han til. Men det handlar om meir enn å stilla nysgjerrigheita.

– Me bør vita kva me skadar, spesielt med tanke på å dumpa avfall i fjorden. Me ville ikkje funne på noko liknande på land, men i fjorden er det ute av auge, ute av sinn. Det er eit veldig dårleg argument at me ikkje skal læra om noko fordi me ikkje ser det, seier Flood.

LES OGSÅ: Sognefjorden på ti-på-topp-liste

LES OGSÅ: Utruleg video frå vulkanutbrot

Viktig liv
Flood er kritisk til idéen om fjorddeponi, å kasta avfall frå gruver rett i fjorden. Ein sentral debatt om dette finst i Sogn og Fjordane, i kampen om fjorddeponi i Førdefjorden.

– Kvifor bør det ikkje vera fjorddeponi akkurat der?

– Førdefjorden er kanskje ikkje ekstra verneverdig, men problemet er at me ikkje kjenner fjorden godt nok til å vita sikkert at me ikkje øydelegg noko unikt, svarar Flood.

Han utdjupar med endå meir entusiasme.

– Kvifor skal me øydelegga ein heil fjord for å halda nokre arbeidsplassar i gang nokre år til? Eg trur eit landdeponi ville vore vel så bra, men det er synleg, så då klagar naboane.

LES OGSÅ: – Ikkje noko photoshop!

LES OGSÅ: Planter kan «høyra» at dei blir spist

Enormt trykk og totalt mørke
I dei djupe fjordane kan me sjå liv og dyreartar som er veldig annleis frå det me ser på overflata. Mykje av grunnen til dette er enormt trykk og total mangel på lys langt nede i djupet.

– Allereie 30 meter ned er trykket like kraftig som i eit bildekk, og det blir berre kraftigare. Mange av dyra er fylt av væske, så fasongen er normal. Reaksjonen blir difor ikkje så valdsam umiddelbart om du tek dei opp til overflata.  

Den store skilnaden for desse dyra, er at dei ikkje er vand med fast overflate, forklarar Flood vidare. Dei flyt berre rundt i vatnet med straumen, så dei treng ikkje skjelett og har lite musklar i kroppen. Det kan føra til spesielle situasjonar nede i djupet.

– Eg har vore ute med forskingsubåten, og når du lyser på desse skapningane får dei så kraftig sjokk at dei sym frå halen sin. Dei rivnar rett og slett, fordi dei har så lite fysisk styrke. Dei får og dødeleg sjokk av å møta fast overflate, sidan dei aldri møter kyst, fortel Flood.

I norske fjordar er det bekmørkt allereie ved 200 meter djupn, og når Sognefjorden er 1300 meter djup er det altså regelen, ikkje unntaket, at det er mørkt. Då er det mange skapningar, spesielt i skumringssona, som produserer eige lys. Flood forklarar korleis det fungerer.

– Det er lett å samanlikna med oss varmblodige, som har 37,5 grader kroppstemperatur. Kjemiske reaksjonar gjer at me stråler ut infraraudt lys, som ikkje er synleg. Desse dyra har ikkje infraraudt, men synleg lys. Det er rett og slett ein kjemisk reaksjon.

Stoffa som skapar lyset kan brukast til mykje, legg Flood til.

– Det er store fordelar innan biomedisinsk forsking, til dømes i medisinske testar. Det er òg heilt ufarleg, sidan det kjem frå havet. Eg har sjølv servert det i drinkar, det gjekk heilt fint, seier Flood.

Han fortel om ein amerikansk ven som har tatt patent på lyset i drinkane.

– Tenk deg det, å få servert drinkar med stjerneskot i ein bar med dempa lys, seier ein entusiastisk Flood.

LES OGSÅ: Noreg best budd på klimaendringar

– Burde ligge på kontoret til alle forvaltarar
No når resultatet av fleire år med forsking og fotografering har komme mellom to permar, er Flood nøgd med resultatet.

– Det er ei vakker bok, forlaget har gjort ein god jobb med utforminga. Eg er tilfreds. Det følgjer og med mykje tekst ein kan lesa om ein er nysgjerrig på meir enn det bileta viser. Ein kvar naturinteressert burde få glede av å sjå i denne boka, seier Flood.

Fagfolk skryt og fortel Flood.

– Ein havforskar meinte den burde ligga på alle forvaltarar sitt kontor, så dei veit kva dei skal forvalta, ler Flood.

Boka er no ute på Skald forlag.

LES OGSÅ: Dei gamle fjell