Vinjerock utseld på 10 sekund

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utseld på 10 sekund

Goore-tex faktoren er høg og stemninga god når musikkelskande fjellfolk samlast til festival i Jotunheimen.

Sjå alt frå fjorårets Vinjerock 

Ny rekordtid
Sidan starten i 2006 har Vinjerock vorte ein av landets mest populære og eksklusive festivalar.

Dei siste åra har kampen om billettane berre vorte hardarde og hardarde. I 2011 brukte festivalen tre timar på å selje ut billettane. I fjor forsvann billettane på eitt minutt.

I dag vart 3000 billettar til neste års Vinjerock rivne vekk på berre 10 sekund.

– Det har vore bra trykk på førehandssalet på Fagernes og i Vang, det er utruleg hyggeleg. Å toppe det heile med dette salet er berre fantastisk! All ære til Vinjerock-staben og alle dei som er engasjert lokalt, for at dei har klart å bygge opp ein så populær festival, rosar den nye festivalsjefen Julie Forchhammer på festivalen sine nettsider.

Festivalen har eit avgrensa tal på publikumsplassar, for å hindra unødig mykje belastning på naturen rundt Eidsbugarden i Jotunheimen.

LES OGSÅ: Dansken som skal leia festival i fjellheimen 

Solokonsert med Greni
Det betyr at om du vil på festival 1060 meter over havet neste sommar må du anten håpe på eit kupp på Finn.no, eller melde deg som frivillig i registreringa som opnar over nyttår.

Siste alternativet er å starte eit band som booking-sjefen diggar nok til å setje på scena.

Til no er sju artistar frå neste års festivalprogram sleppt.

Dei heldige som har klart å skaffa seg festivalpass kan mellom anna sjå fram til musikalske opplevingar med popkomet Emilie Nicolas, Highasakite, Team Me, duoen Kindred Fever, The Dogs, dialekthelt Tønes og Øystein Greni.