Leiv Arne Grimstad, Vikebladet Vestposten
Leiv Arne Grimstad, Vikebladet Vestposten

Artikkelen var først publisert i Vikebladet Vestposten

Møre-biskop Ingeborg Midttømme seier til Romsdals Budstikke at ho er tilhengar av at kyrkja skal seie ifrå seg vigselsretten. Utspelet kjem samtidig med at jakta på kandidatar til Kyrkjemøtet 2015 tek til.

LES OGSÅ: Tilset ikkje homofil prest

– Å inngå ekteskap er ei offentleg, rettsleg ordning for alle innbyggarar. Då bør det også vere samfunnet som forvaltar ordninga, seier ho.

På siste kyrkjemøte vart kyrkjevigsling av par av same kjønn avvist med 64 mot 51 stemmer. Saka kjem opp att i 2015 og «triggar» både tilhengarar og motstandarar til å mobilisere.

LES OGSÅ: – Kyrkja var nok meir tidsriktig før

Seier kyrkja frå seg vigselsretten, blir vigselsretten berre borgarleg. Midttømme har ikkje teologiske motforestilingar til dette.

Leiar i Møre bispedømme, Modolf Aukan, kommenterer derimot at kyrkja bør behalde vigselsretten. Han grunngir det med at ekteskapet er ei gudegitt ordning – utifrå det Bibelen seier om ekteskap mellom mann og kvinne.

Meir frå VikebladetEin av 32 kvinnelege prestar i Møre

Meir frå Vikebladet: Ny bydel i Ulsteinvik

Meir frå Vikebladet: Trenarteamet er klart

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

Kommentarar

ANNONSE