Mot varmerekord i Noreg


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nye tal frå Meteorologisk institutt viser at november var 2,4 grader varmare enn vanleg, det vil seia det gjennomsnittlege vêret i ein periode på 30 år (1961-1990). November vart også blant dei 20 varmaste novembermånadene tilbake til 1900.
LES OGSÅ: Varmaste oktober sidan målingane starta
Relativt varmast var det austafjells med avvik på 4– 5 grader over normalen på nokre stasjonar. Den høgaste maksimumstemperaturen vart mål i Ålesund. Her vart det målt 20,9 grader 1. november!
Den svært milde novembermånaden gjer at trua på 2014 som tidenes varmaste år i Noreg er forsterka. Temperaturen i desember må bli tre grader lågare enn normalen for at det ikkje skal bli rekord. (©NPK)
LES OGSÅ: Dinosaurar feis verda varm