Rypa frå Jostedalen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Eli Bjørhusdal byrja å blogge i 2007, var det fordi det var så mange andre i heimbygda Jostedalen som hadde gjort det same.

– Gruppepress, altså. Men jamvel om eg har ein blogg der eg med ujamne mellomrom postar tekstar, er eg vel ikkje lenger bloggar med stor B. Bloggen min fungerer no meir som eit arkiv for tekstar eg allereie har skrive for andre høve. Så det er nok blitt ein blogg for spesielt interesserte, kanskje fyrst og fremst meg sjølv, skriv vekas bloggar i ein epost til Framtida.no.

LES OGSÅ:Kårar verdas beste nynorske blogg

Skriving er jobb

Med ei fortid som nestleiar i både Norsk Målungdom og Noregsmållag er det inga overrasking at Eli bloggar på fjellstø nynorsk. Difor er Jostedalsrypaer denne vekas blogg.

Nyleg tok Eli, som er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane,si doktorgrad med tema norsk språkpolitikk. Då måtte ho ta opp kampen med Universitetet i Oslo for å få framsida trykt opp på nynorsk.Ein kamp den ivrige målkvinna vann.

Men kva har ei som arbeider og brenn for språk eigentleg lært av å blogge?

– At det er vanvitig god skrivetrening. Og dermed eit slit, svarar Eli.

Kva inspirerer deg til å blogge?

– Det er absolutt ingenting som «inspirerer» meg til å skrive. Skriving er jobb. Tekstar som fyrst og fremst er «inspirerte», ikkje fyrst og fremst resultat av hardt arbeid, er nesten alltid dårlege tekstar, meiner 42-åringen.

Sjekk ut andre gode nynorske bloggar her.

Ikkje juletrepynt

Sjølv om det kjem nokre dikt og kvardagsglimt er ikkje er Eli ein like aktiv bloggar som ho ein gong var. Det synest òg på lesartala. Hennar mest leste innlegg gjennom tidene er eit innlegg om kommunesamanslåing, som vart delt av sjølvaste Jonas Gahr Støre etter eit frukostmøte.

Er det noko du ikkje kunne blogge om?

– Prinsipielt sett kunne eg vel ha blogge om alt. I praksis bør livet vere for kort til å skrive tekstar som aldri vil kome til å endre ein einaste flik av det viktige i verda, berre korleis folk pyntar juletreet sitt, til dømes.

LES OGSÅ:  – Livet på bygda er einskap

Togn er kjipt
Dei kjekkaste tilbakemeldingane bygdebloggaren får er når ho har skrive noko som har fått lesaren til å sjå samanhengar som ho ikkje før har sett.

Kva er dei kjipaste tilbakemeldingane du får?

– Eg trur ikkje eg har fått så mange direkte kjipe attendemeldingar. Jo, ein gong at eg var ei skam for bygda. Men eg tykte –og tykkjer somme tider framleis –at det er rart om folk rundt meg slett ikkje kommenterer det eg har skrive, om det då er noko eg openbert har lagt arbeid eller meining i. Togn er kjipt, meiner bloggaren.

Og er det eitt tips Eli vil gje vidare til andre bloggarar, så er det dette: Du må ha noko å melde!

Faktaboks

Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår. Tips oss her!