Eit knippe Røde Kors-ungdom med mykje hjarterom og ledig tid på julaftan skal arrangera julemiddag for einsame og andre trengande.

Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen
Elisabeth Berg Hass, Kvinnheringen

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Mange kvir seg til jul. Særleg tøft kan det vera om ein ikkje har nokon å feira med. Dette meinte hjelpekorpsaren Sandra Selsvik Totland (20) var leit å tenkja på, og fekk då ideen om å arrangera ein julefest for einsame og andre som av ulike grunnar slit i jula.

– Eg og Hazel Ann Raudstein i hjelpekorpset snakka om at sidan dei hadde eit slikt arrangement på Stord, så kunne vi få det til også her. Vi er fleire ungdommar som har litt tid til overs på julaftan, og ville då bruka denne tida til å gjera noko for andre, fortel Selsvik Totland.

LES OGSÅ: – Normalt å vere einsam

Tradisjonell julemiddag
Ungdomane fekk full støtte frå både hjelpekorpsleiar Oddrunn Rørvik Steinsland og lokalforeininga, og gjekk difor raskt i gang med å planleggja festen. 

– Det blei forfatta eit brev som blei levert til fleire bedrifter, med førespurnad om å støtta festen. Dei første tilslaga kom raskt, noko vi er kjempeglade for, seier Rørvik Steinsland.

Ho er med i planlegginga, og rosar ungdomane for initiativet deira. 

– Viss dette viser seg å bli eit bra arrangement med god oppslutnad, ser eg ikkje vekk frå at vi kan gjera dette til ein tradisjon.

Planen er å pynta til julemiddagen i møtelokalet i kjellaren på Røde Kors-huset på Husnes. 40 personar kan få plass rundt borda her, og ein må melda seg på seinast to veker i førevegen. 

– Festen vil føregå frå klokka 16 til 18, med middagsservering, kaker og kaffi og julegåveopning. Vi planlegg å servera tradisjonell julemiddag med pinnekjøtt, svineribbe og riskrem. Vi kjøper òg inn nokre julegåver til gjestene, fortel Selsvik Totland.

LES OGSÅ: Ungdom er mest einsame

Dugnad
I og med at alt er i Røde Kors-regi, er dette eit rusfritt arrangement. 

– Vi ønskjer då heller ikkje at gjestene er rusa når dei kjem. Tanken er at også familiar som kjenner seg einsame og vil vera saman med andre på julaftan, kan melda seg på viss dei vil, så dette skal vera ei hyggjestund både for barn og vaksne.

Arrangementet er tenkt å vera gratis for dei som deltar, og alt av matlaging og servering skal skje på dugnad.

– Til no er det åtte ungdomar pluss ein vaksen som har meldt seg til teneste. Men dersom det er nokon som har lyst til å ta ansvar for å halda arrangementet gåande også litt utover kvelden, etter klokka 18, er det ingenting i vegen for det, meiner Rørvik Steinsland.

Dei to hjelpekorpsarane har alt blitt spurt av einskilde om det er mogleg å bidra til festen på ein eller annan måte. 

– Dersom ein ønskjer å gje ein liten gåve til sjølve arrangementet, eller eventuelt vera med på litt dugnad, kan ein gjerne ta kontakt.

Selsvik Totland ser fram til ein annleis julefeiring. 

– Eg trur dette blir veldig kjekt, og gler meg, smiler ho.

LES OGSÅ: Tar eit oppgjer med julehysteriet

Opnar Elins matgleder på julaftan
Ei anna som vil visa omsorg på julaftan er Elin Enes i Uskedalen. Ho vil diska opp med god julemat og hyggjeleg stemning for einsame og andre som har behov for ein stad å vera julaftan. I lokalet til bedrifta hennar Elins matgleder har Elin Enes plass til 30 gjester rundt bordet. Ho håpar å få fylt opp desse plassane med kjekke og rusfrie gjester julaftan. 

– Dette er ein invitasjon til alle som har behov for ein plass å vera på julaftan. Ei familiefeiring som skal passa for alle; unge og gamle, nordmenn og ikkje-nordmenn. Eg håpar folk tek kontakt og melder seg på, slik at eg veit kor mange eg skal laga mat til, og slik at nissen veit kor mange som skal ha presangar, oppmodar Enes.

Ho seier feiringa vil gå for seg frå klokka 17-21, og skal vera eit gratisarrangement. Familien er òg hjelpsame med skyss til og frå for dei som treng det. 

– Jula er blitt veldig kommersialisert, men ikkje alle har råd til å kjøpa gåver i 1000-kroners klassen. Eg vil at denne festen skal vera ei motvekt til dette kommersielle, ein fest der selskapet og stemninga skaper sjølve essensen.

Og maten skal det heller ikkje stå på: 

– Eg vil laga god, tradisjonell julemiddag med pinnekjøt og ribbe, dessert, konfektar og andre godsaker. Det er berre å gle seg.

Sjølv skal ho og familien delta på feiringa, og gler seg til godt selskap. 

– Eg håpar verkeleg ikkje vi blir sitjande åleine her i lokalet på julaftan. Eg skjøner at det kan vera ein terskel å melda seg på, men eg håpar likevel ein våger å ta sjansen på det som kan blir ein skikkeleg triveleg kveld, seier ho.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE