– Eit slag i trynet
Toppidrettsutøvar Ingvild Måkestad Bovim fortalde om den tøffe beskjeden ho måtte gi til eit samla pressekorps berre dagar før London-OL.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Vikebladet.
– Det var eit skikkeleg slag i trynet. Dette eg hadde jobba så lenge for. Dette eg hadde drøymt om sidan eg var ei lita jente. Nettopp fordi dette var så tungt, har eg i ettertid vore endå meir bevisst på det å trene og ete riktig. Det viser seg at skadar oftast kjem mot slutten av ei økt, fordi det er då ein gjerne er mest ukonsentrert, fortalde ei særs ærleg friidrettsstjerne til dei unge håpefulle som hadde møtt opp i auditoriet på Ulstein ungdomsskule.
Episoden Ingvill Måkestad Bovim fortalde om, var då ho berre nokre dagar før London-OL i 2012, framføre eit samla pressekorps, fortalde at ho rauk korsbandet på trening.
– Det var knalltøft. Eg måtte raskt omstille meg frå å vere med i ein meisterskap, til å trene meg opp igjen etter skaden. No er eg likevel tilbake, og vil setje meg nye mål, sa Bovim til tilskodarane i auditoriet.
LES OGSÅ: Springerinne til hjelp
– Må skjønne at ein treng mat
Friidrettsesongen er forbi, så no reiser Ingvill Måkestad Bovim rundt for å halde føredrag i staden. Denne veka har ho vore og førelest for Blindheim IL og Spjelkavik IL i Ålesund, og no sist for idrettslaga på Søre Sunnmøre i Ulsteinvik.
– Eg har hatt ei lang og innhaldsrik karriere, men eg vil så gjerne gi noko til dei som er heilt i byrjinga av si karriere. Det er viktig for unge idrettsutøvarar, og kanskje spesielt jenter, at ein tek vare på kroppen sin. Det er eit kroppsideal i samfunnet i dag som ikkje er forenlig med det å trene og vere sunn. Ein må skjønne at ein treng mat for å kunne prestere, seier 33-åringen, som i 2009 slo den norske rekorden på 800 meter, som til då hadde stått seg i 29 år.
Bovim, som er utdanna ernæringsfysiolog, fortalde salen om sine metodar, og at ho meiner alle som vil bli idrettsutøvarar må tenkje over kosthaldet sitt.
– Eit godt kosthald gir betre immunsforsvar, meir musklar, betre og raskare restitusjon og større trenings- og arbeidskapasitet, seier Bovim og legg til.
– Det finnast ingen snarvegar for å bli god.
LES OGSÅ: Tok utfordringa frå Elsafadi