Den lovpriste artisten frå Førde er blant dei ni fyrste bekrefta artistane til Øya-festivalen 2015.

mm

– Eg har alltid drøymt om å spela der! Det kjem til å bli fantastisk! skriv ein stolt Thea Hjelmeland om nyheita på sin eigen Facebook-profil.

Ho er blant fyrste artistane på programmet til neste års Øya-festival, som vart slept denne veka. Andre artistar som er bekrefta til festivalen er Ida Jenshus, jazzmusikaren Møster!, amerikanske Future Islands og Spectral Haze.

LES OGSÅ: Jenta som speler på alle strengar

Lovprist og trist plate
2015 kan fort verte ein travel sommar for Førde-jenta. Hjelmeland er nemleg allereie bekrefta til neste års Bergenfest.

27-åringen har hausta gode kritikkar for sitt streke andrealbum «Solar Plexus». Tekstane vart til i sorgprosessen etter at hennar franske kjærast vart alvorleg sjuk og døydde – samstundes som ho gjekk gravid med bornet deira.

Både VG og Bergens Tidenes anmeldarar trilla 5'ar på terningen, medan Aftenposten slo til med terningkast 6 og kalla plata tidlaus albummagi. 

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE