Sundtoft snur i genmaissaka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snur i genmaissaka

I oktober sa klima- og miljøminister Tine Sundtoft at begge dei omstridde genmodifiserte maistypane kunne importerast.

LES OGSÅ: No kan laksen smake gris

Ikkje omfatta av EØS-avtalen
Spørsmålet står om EU-godkjenninga av dei modifiserte maistypane med namn T25 og NK603 betyr at dei kan importerast til Noreg, sjølv om Miljødepartementet ikkje aktivt har godkjent dei.

No viser det seg at T25 er godkjent etter ei forordning som ikkje er omfatta av EØS-avtalen. Dermed kan maistypen ikkje importerast til Noreg likevel.

LES OGSÅ: Blåbærtomatar er kjømda

Skadeleg sprøytemiddel
– T25 har dei siste vekene fått merksemd fordi han er framstilt med tanke på dyrking med eit sprøytemiddel som er så skadeleg at det er forbode i Europa. Det er difor gledeleg at den grundige vurderinga til departementet no viser at han ikkje lenger er tillaten, seier Sundtoft i ei pressemelding frå departementet. (©NPK)