Pågreip aktivistar i Hong Kong
To studentleiarar var blant dei pågripne då protestleiren i bydelen Mong Kok vart riven denne veka.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I slutten av september tok studentar i Hong Kong til gatene i protest mot at Beijing ynskjer å førehandsgodkjenne kandidatane til ny leiar i byen, som skal veljast i 2017.
I over to månadar har aktivistane i det som vert kalla Paraply-revolusjonen, demonstrert for demokrati. Rørsla har fått kallenamnet sitt etter paraplyane aktivistane nytta for å beskytta seg mot politiets tåregass.
80 pågripne
I storaksjonen i går vart studentleiarane Joshua Wong og Lester Shum pågripne då politiet rydda protestområdet i bydelen Mang Kok, melder NTB.
Ein domstol har tidlegare vedteke at demonstrantane må fjernast.
Fleire tusen politifolk skal ha delteke i storaksjonen då politiet rykka inn mot hundrevis av demonstrantar som framleis haldt til i Mang Kok.
Ein fotograf i avisa South China Morning Post er blant dei som melder om at han vart utsett for tåregass då han dekkja aksjonen.
Tilsaman 80 demonstrantar vart pågripne i den fleire timar lange aksjonen.
Området vart opna for trafikk for fyrste gong på to månadar etter aksjonen, som vert rekna som ein stor siger for myndigheitene i området.
Ifølgje NTB var det fleire personar som klappa då aktivistane vart fjerna.
LES OGSÅ: Historia i eit bilete
Protesterer framleis
Framleis held aktivistar til i eit lite område i Admiralty-distriktet, som ligg like ved regjeringskontora og eit større forretningsområde. Desse har ikkje tenkt å gje seg.
Demonstrasjonane i Hong Kong har vorte rekna som ein av dei største utfordringane for kinesiske myndigheiter sidan protestane på Den himmelske fredsplass i 1989.