– Pelsdyravvikling kan koste 7 milliardar

Ny rapport viser at det kan bli dyrt å avvikle pelsdyrnæringa.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Pelsdyravvikling kan koste 7 mrd

Prislappen for å avvikle norsk pelsdyrnæring kan komme opp i over 7 milliardar kroner. Det viser ein ny rapport om kva staten kan vente seg i erstatningsutbetalingar.

Rapporten er bestilt av det regjeringsoppnemnte pelsdyrutvalet og er ein del av utgreiinga om framtida til pelsdyrnæringa som utvalet skal legge fram i midten av desember, skriv Nationen.

Grunnlaget for utrekninga av erstatningsbeløpet er rekneskapstal for dei siste åra. Dei viser ei skyhøg forteneste for pelsdyroppdrettarane som i 2012 hadde ei timeløn på over 650 kroner.

– Basert på verdiskapinga i pelsdyrnæringa, så viser våre utrekningar at full erstatning vil komme på 7,45 milliardar kroner. Ved ei avvikling vil oppdrettarane misse inntekta si for all framtid, og dei vil ha behov for kapital for å omstille seg til anna verksemd. Om vi reknar om dette til ein eingongssum, så kjem vi fram til dette beløpet, seier rådgjevar Ivar Hovland i Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf).

I rapporten blir det anslått at pelsdyrnæringa i Noreg sysselset rundt 450 årsverk.

Bertran Trane Skadsem, leiar i Norges Pelsdyralslag, seier til avisa at tala verkar realistiske, medan Dyrevernalliansens juridiske rådgivar Live Kleveland kallar beløpet for absurd og urealistisk. (©NPK)

Kva meiner du? Kostar det for mykje å avvikla pelsdyrnæringa? Skriv meininga di i kommentarfeltet!