Ikkje gløym distriktsbutikkane!

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den blåblå regjeringa har på fleire tidspunkt uttrykt at søndagsopne butikkar er eit viktig mål i deira politikk. Eit utvida opningstilbod kan høyrast flott ut for mange, og vil utan tvil gi forbrukarane meir fleksibilitet i når dei skal handla. Norges Bygdeungdomslag er på si side redd for at dei negative effektane ved søndagsopne butikkar er større enn dei positive.

LES OGSÅ: Fryktar ei utarming av bygdene

Først av alt stiller me spørsmål ved behovet for auka opningstider. Får me ikkje dei varene me treng i dag? Utvida opningstid vil neppe føra til at forbrukarane et meir. At dei vil handla meir, kan derimot tenkast. Når undersøkingar seier at kvar femte berepose frå matbutikken i Noreg hamnar i søpla, skulle ein tru det heller burde komma tiltak for å begrensa matvarehandelen – ikkje legga til rette for meir.

Ei undersøking frå InFact frå i fjor, gjort for Norgesgruppen, viser dessutan at fleirtalet av forbrukarane er negative til søndagsopne butikkar.

LES OGSÅ: Rapport: Legg ned Sogn og Fjordane

Vidare er me bekymra for kva effekt søndagsopne butikkar vil gje for distrikts-Noreg og dei små lokalbutikkane. Utvida opningstid betyr meir arbeidskraft, som igjen betyr auka kostnader. Vil omsetnaden bli stor nok til å forsvara dei ekstra arbeidstimane?

Distriktsbutikkane er avgjerande for busetnad i mange bygder.

LES OGSÅ: – Fylket vårt er under angrep

Etter det Norges Bygdeungdomslag kjenner til, har regjeringa gjort få utredningar til no når det gjeld effektane av søndagsopne butikkar. Kva auka kostnader kjem gjennom auka behov for til dømes arbeidskraft, reinhald og engros?

For Norges Bygdeungdomslag er søndagsopne butikkar eit verdispørsmål. Kva vil skje med den norske kulturen? Me trur at ein handlefri dag i veka er viktig for familieliv og fritid. At norske forbrukarar får dekt behova sine gjennom opningstidene me har i dag er me heller ikkje i tvil om.

LES OGSÅ: Difor bør du handla lokalt

Norges Bygdeungdomslag krev at regjeringa gjer fleire utredningar, særleg knytt til distriktsbutikkane, før dei tek standpunkt til om det skal bli innført søndagsopne butikkar eller ikkje.

Gunn Jorunn Sørum, leiar i Norges Bygdeungdomslag