Foreslår Sogn og Fjordane som éin kommune

Fylkesrådmann Tore Eriksen meiner eit Sogn og Fjordane organisert som éin kommune kan vere ei robust løysing.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vert trivselsfylket éin kommune?

Innspelet er del av samanslåingsdebatten som går føre seg, fortel Firda. Fylkesrådmannen trur ein modell der alle kommunane slår seg saman og fusjonerer med fylkeskommunen vil gi ei robust og homogen distriktseining og ta fylket ut av rolla som «minst i klassa».

LES OGSÅ: Rapport: Legg ned Sogn og Fjordane

Under kommunen ser Eriksen føre seg at det blir eigne kommunedelar med oppgåver og avgjerdsmynde, som også kan vere kanal inn til det fylkesdekkjande kommunestyret. Det radikale forslaget er tenkt som ein distriktsvariant av det som er omtala som «Oslo-modellen», og blir lagt fram for fylkesutvalet onsdag, skriv Firda. (©NPK)

LES OGSÅ: – Høgskulen i Volda kan gløyme å stå åleine