– Ikkje aktuelt å kutte i oljeproduksjonen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oljekutt er uaktuelt

– Ein stabilt oljemarknad med prisar på eit rimeleg høgt nivå er viktig for både oljeproduserande og oljekonsumerande land. Det er ikkje aktuelt å avgrense norsk oljeproduksjon i dag, seier kommunikasjonsrådgjevar Ella Bye Mørland til NTB.

Oljeprisane er no på sitt lågaste nivå på over tre år. Berre dei siste tre månadene har oljeprisen sokke med 26 prosent, og sist veke fall han til under 80 dollar fatet.

Torsdag denne veka skal dei tolv medlemmene i Organisasjonen av oljeeksporterande land (Opec) møtast for å bestemme kor stor oljeproduksjonen skal vere framover.

LES OGSÅ: Veit me nok til å forlata oljen?

Kan ikkje lenger kontrollera marknaden
Men den tida er forbi då Opec aleine avgjer kor mykje olje som skal pumpast opp og dermed bestemmer oljeprisen, seier tidlegare oljeminister i Qatar, Abdullah Bin Hamad Al-Attiyah.

– Opec aleine kan ikkje lenger kontrollere marknaden. Denne gongen må også Russland, Noreg og Mexico bidra. Opec kan kutte, men tilgangen frå ikkje-medlemmer vil auke, og kva vil dette gjere med marknaden? seier Attiyah til nyheitsbyrået (©NPK) Bloomberg.

LES OGSÅ: Historisk klimaavtale – men kva betyr den?