Do they know it’s a geopolitical problem?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø med eigen innsamlingssong

Det er med andre ord tid for nok ei nyinnspeling av veldedigheitsklassikaren «Do they know it’s Christmas?», som blei utgitt første gong i 1984 for å samle inn pengar til ofra for ein tørkekatastrofe i Etiopia. Seinare har songen blitt utgitt fleire gonger i nye versjonar med nye artistar til inntekt for nye formål. Den siste nye versjonen kom for nokre dagar sidan, til inntekt for kampen mot ebola.

Også denne gongen har kritikken komme med ein gong. Og latterliggjeringa. Og artistar som har vore med på slikt før, har fnyst og sagt at dette ville dei aldri vore med på denne gongen.

Og det er vel og bra at artistar har lyst til å gjere noko bra. Og speler inn songar som er godt meinte. Og at det kjem inn pengar til gode saker. Men det må kunne gå an å ta til seg noko av kritikken. Det må kunne gå an å forbetre seg. Eg har skrive ein tekst som kjem kritikken i møte, og som eg håper og trur artistar vil bruke neste gong dei prøver seg på noko slikt, slik at dei slepp å bli til latter igjen. 

Eg gjer merksam på at teksten ikkje rimar. Riming er berre så 1984.

Det er snart jul
For dei som feirar slikt
Og det er det langt frå alle som gjer
For folk har ulike religionar og livssyn
Og nokon er ateistar
Eller agnostikarar
Eller søkande
Og nokon av oss tek avstand frå den moderne julefeiringa
På politisk og moralsk grunnlag
Fordi vi synest jula har blitt ein kommersiell kjøpefest
Som vi deltek i, naturligvis
Men vi liker det ikkje
Det skal vi ha
Men nok om oss

For det er snart jul
Og jula er tida for å tenke på
At ikkje alt i verden er som det skal vere
Og dette betyr ikkje at vi ikkje også skal tenke på slikt når det ikkje er jul
Verdas tilstand bør oppta oss alle
Heile året
Men nok om det

For det er snart jul
Og også då er det viktig at vi tenker på folk som ikkje har det så bra
Men ikkje på ein måte som er nedlatande
Eller sementerer stereotypiar
Dette handlar om
At vi alle er
Ein del av ein større fellesskap
Og det er ein klisje
Og det beklager vi
Sorry ass
Men det er liksom ikkje så mange andre måter å seie det på

Yeah yeah yeah yeah!

Så no står vi saman
Søster og bror
La oss gjere ein innsats for å løyse dei komplekse bakanforliggande geopolitiske problema som er mellom grunnane til at til dømes livstruande epidemiar får spreie seg i enkelte fattige land
Ikkje i alle fattige land
For all del
Det finst fattige land som ikkje har den typen problem
Berre så det er sagt
Og det er heller ikkje alle land i Afrika som er fattige
Berre så det også er sagt
Mange land i Afrika har fin natur og heilt grei økonomi
Det er meir enn ein kan seie om eit par-tre europeiske land
For eksempel

Men likevel står vi saman
For å rette søkelyset mot
Ansvaret det internasjonale samfunnet har
For å søke løysingar på desse
komplekse problema

Yeah yeah yeah yeah!

Ja no står vi saman
Ein gjeng med artistar
Som har runda førti
Og syns vi har bitt klokare
Og ganske mykje reddare for å drite oss ut

Yeah yeah yeah yeah!

Vi prøver å vere på den sikre sida
For det siste vi vil er at folk skal le av oss
Så derfor syng vi denne songen som ikkje rimar
Og som er ganske innvikla
Og ganske rar
Og som forhåpentligvis ingen høyrer
Eller kjøper
For då kan vi i alle fall vere sikre på at ingen ler av oss
Eller kallar oss teite
For det taklar vi faktisk ikkje
For vi har kredibilitet

Nemnde vi forresten at verden er kompleks og at menneske er ulike?

Yeah Yeah Yeah
Verden er kompleks!
Yeah Yeah Yeah
Verden er kompleks!
Yeah Yeah Yeah
Verden er kompleks!

Men nok om det!

 

Først publisert i Aftenposten 22. november.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!