Stoppa skulepengar

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I det opphavlege forslaget til Statsbudsjettet skulle det innførast skulepengar for studentar utanfor EU og EØS. Forslaget vart møtt med kraftige protestar frå studentmiljø over heile landet. Nokre demonstrerte framfor kunnskapsministeren i Oslo, medan studentar i Sogndal stilte opp heilt nakne, som du kan sjå på biletet over. I Statsbudsjettet som vart lagt fram i dag, er forslaget fjerna.
LES OGSÅ: Nakenheit mot skulepengar
Viktig for KrF
– Dette har vore viktig for oss, og eg er utruleg glad for at vi fekk stoppa planen om å innføra skulepengar for internasjonale studentar. KrF vil ikkje vera med på å rokka ved gratisprinsippet i høgare utdanning, og eg trur at ei studieavgift for utanlandske studentar fort ville blitt første steg på vegen mot generelle skulepengar i Noreg, seier utdanningspolitisk talsmann i KrF, Anders Tyvand, til NPK.
– Me pustar letta ut for at gratisprinsippet i høgare utdanning står ved lag, seier leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, Marianne Andenæs i ei pressemelding.
– Ei samla studentrørsle har sagt klart og tydeleg frå om at skulepengar for internasjonale studentar truar både studentmangfaldet på lærestadene og gratisprinsippet for høgare utdanning. Når regjeringa no blir pressa til å gi seg for andre år på rad, må det må vere spikaren i kista for forslaget om skulepengar, seier Andenæs vidare.
Forslaget om skulepengar var og oppe i Stortinget i fjor, og vart nedstemt.

Slik såg det ut den dagen det opphavlege forslaget til Statsbudsjettet vart lagt fram. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) møter leiar av Norsk Studentorganisasjon, Anders Kvernmo Langset, under demonstrasjonen. Foto: Anders Veberg
LES OGSÅ: Demonstrerte mot skulepengar
2000 nye studentbustader
Avgjersla om skulepengar er ikkje det einaste studentane kan jubla over i dag. I det nye Statsbudsjettet er det sett av pengar til 2000 nye studentbustader, 500 fleire enn det regjeringa forslo først.
– Det er bra at ein legg inn 500 ekstra studentbustadar i budsjettet for 2015. Det er eit godt steg i retning av vårt mål om 3000 og syner at Venstre og KrF har kjempa for studentanes levekårsituasjon, seier Tommy Aarethun leiar av Studentparlamentet ved UiB i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Foreslår eit ekstra skuleår