Fjernar kuttet til folkehøgskulane
Bortebuarar, utanlandsstudentar og folkehøgskulane kan glede seg over budsjettforliket.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Løyvinga til folkehøgskulane er foreslått auka med 22,7 millionar kroner i budsjettforliket som blei inngått på Stortinget fredag.
LES OGSÅ: Nakenheit mot skulepengar
Der inngår også ti månaders studiestøtte – etter at regjeringa hadde foreslått å gå ned til ni månader, noko som summerer seg til 11,5 millionar kroner.
I tillegg sikrar 85,7 millionar kroner at bortebuarstipendet likevel ikkje blir behovsprøvd.
LES OGSÅ: Dramatisk for folkehøgskulane
Utanlandske studentar kan glede seg over at dei også neste år slepp å betale studieavgift. 80,5 millionar kroner er sett av for å oppfylle dette.