Facebook-aksjon for å redda bokbåten

– Politikarane i Sogn og Fjordane vil leggja ned bokbåten vår, det kan vi ikkje finna oss i, skriv initiativtakarane bak ein Facebook-aksjon for å redda bokbåten i fylket.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aksjonerer for å redda bokbåten

– Dette er ein dramatisk situasjon. Politikarane vil kutta 24 prosent av kulturbudsjettet og leggja ned heile bokbåt-tilbodet i fylket. Dette skjer trass i at det i fjor kom ein rapport som viste at bokbåten var både positiv og viktig for innbyggjarane i fylket, seier nestleiar Jorun Systad i Norsk bibliotekforening avdeling Sogn og Fjordane til Nynorsk pressekontor. Det er bibliotekforeininga som har teke initiativ til Facebook-aksjonen.

Systad meiner det er svært uheldig at kuttet rammar brukarane direkte.

– Først og fremst rammar det dei yngste og dei eldste som er minst mobile. Det er spesielt ille, seier Systad.

Ho peikar på at bokbussen i Sogn og Fjordane blei lagt ned i 2011, og at det difor er ekstra tragisk å mista bokbåten.

– Det betyr at vi står utan noko mobilt bibliotek.

LES OGSÅ: Time er årets bibliotek

Fryktar for nabofylka
Dersom bokbåten i Sogn og Fjordane blir lagt ned, fryktar Systad at heile bokbåttilbodet langs kysten kan stå i fare.

– Det som uroar oss mest er at ei nedlegging av bokbåten i Sogn og Fjordane også kan riva beina under bokbåttilbodet i Hordaland og Møre og Romsdal. Eg er svært uroleg for at tilbodet ikkje står støtt på to bein.

Ho meiner det vil vera eit stort tap om bokbåten blir borte.

– Bokbåten er eit kvalitetstilbod med kulturtilbod til alle som har lang veg til kulturhus. Det er ikkje til å forstå at landet vårt med den kysten vi har ikkje skal ha råd til eit slikt tilbod, seier Systad, som meiner bokbåten burde fått statlege løyvingar.

LES OGSÅ: – Låner faretruande lite nynorsk

– Sentralisering
Systad meiner bokbåten er ekstra viktig i ei tid der biblioteka blir meir og meir sentraliserte.

– Staten snakkar fint om biblioteka, men eg ser ikkje meir enn festtalar. Biblioteka får ikkje øyremerkt midlar. Det er fint med prosjektmidlar, men eg er skeptisk til at det vil føra til utvikling for dei minste biblioteka, seier nestleiaren i bibliotekforeininga i Sogn og Fjordane.

Ho meiner det skjer ei tydeleg svekking av biblioteka i bygdene.

Håpar politikarane snur
Med Facebook-aksjonen håpar initiativtakarane å få politikarane i Sogn og Fjordane til å tenkja seg om ein gong til og fullfinansiera bokbåten slik som i nabofylka Hordaland og Møre og Romsdal.

Kva som blir utfallet i saka blir endeleg avgjort på møtet i fylkestinget i Sogn og Fjordane 9. desember. (©NPK)