«Vape» er årets engelske ord

Oxford-ordboka har kåra e-sigarettar og bruken av dei til Årets ord i 2014.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er årets engelske ord

I takt med ei auke i bruken av e-sigarettar har omtalen av dampinga skote i veret. Difor har ordet «vape», som både er eit substantiv og eit verb, vorte kåra til Årets ord 2014 av den anerkjente Oxford-ordboka.

LES OGSÅ: «YOLO»og «side boob» inn i ordboka

Dampande kjendisar
På norsk kan verbet best omsettast til å dampe. Ordet «vape» kjem av «vapour», det engelske ordet for damp, som ein innhalerar gjennom e-sigarettane.

Redaktør Judy Pearsall forklarar avgjerda med at «vaping» har vorte eit daglegdags syn, til dømes mellom fingrane på kjendisar som Lindsay Lohan og Barry Manilow.

– Og med den veksande offentlege debatten om farane og behovet for regulering har bruken av ordet «vape» og nært slekta ord fått ei auke i 2014, seier ho i ei pressemelding.

Særleg diskusjonane rundt legalisering av cannabis i fleire amerikanske statar har gjort ordet «vape» meir populært, då det er mogleg å innhalere rusmiddelet med damp.

LES OGSÅ: «Geek» har vorte kunnskapsrik

Gamalt nyord
E-sigarettar vart offisielt oppfunne i Kina i 2003, og aukar stadig i popularitet.

 Ein variant av ordet «vape» kan ein likevel finne så tidleg som på byrjinga av 80-talet. I ein artikkel i tidsskriftet «New Society» skildrar Rob Stepney ei ny oppfinning, ein innhalator som liknar ekte sigarettar, men gir frå seg nikotindamp. Bruken av denne kallar forfattaren «vaping».

«Vape» vann fram som årets ord i konkurranse med mellom anna «indyref» (forkorting av folkeavstemminga for eit sjølvstendig Skottland) og «slacktivism» (politisk eller sosialt engasjement via internet.)

LES OGSÅ: 2013: Her er årets ord