Romsonde fann organiske molekyl

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fann grunnlaget for alt liv

Landingssonden Philae, som førre veke landa på kometen 67P/Churyumov-Gerasimenko, har funne organiske molekyl på kometen, skriv Wall Street Journal.

Avisa skriv at eit instrument på Philae har fanga opp dei organiske molekyla mens det «snuste» i kometatmosfæren, skriv Aftenposten. Ein organisk forbindelse inneheld karbonatom, som er grunnlaget for alt liv.

No skal forskarane analysere funna for å finne ut om dei organiske molekyla som Philae har funne, er enkle forbindelsar som metan og metanol eller meir komplekse forbindelsar som aminosyrer.

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Aminosyrer er blant byggjesteinane i protein, og protein er ein type molekyl som finst i alle levande organismar.

Den europeiske romorganisasjonen Esa, som står bak ekspedisjonen, har likevel ikkje stadfesta funnet.

Landingssonden Philae, som vart skoten opp med romsonden Rosetta for over ti år sidan, landa førre veke på kometen. Han skal ta bilete av kometoverflata og ta boreprøvar og analysere kometen. (©NPK)

LES OGSÅ: Han har gjort verdsrommet kult igjen

LES OGSÅ: Vil leita etter store mengdar gull i rommet