Nettaktivitet skaper reaksjonar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lokalpolitikar hetsa Pedersen

Saka var først publisert på Ryfylke.net. 

– Eg har aldri, verken før eller sidan, sett nokon innlegg frå denne sida, så eg ante rett og slett ikkje kva sida står for. For meg var det svært overraskande at denne sida mellom anna var rasistisk og antisemittisk. Eg hadde verkeleg inga aning om dette. Innlegget er nå sletta frå mi Facebook-side, forklarar framstegspartipolitikaren i ein epsot til avisa, då han for tida er på ferie i Spania.

Det var i midten av førre veke at Jan Birger Eide publiserte innlegget som har ført til stor debatt på det sosiale mediet Facebook. Artikkelen som kommunestyrerepresentanten la ut på sin Facebook- profil tek til orde for at tidlegare AUF-leiar Eskil Pedersen burde bli tiltalt og straffa for sine handlingar under massakrane på Utøya 22. juli 2011, der Anders Behring Breivik tok livet av til saman 69 personar.

Fleire medier har tidlegare omtalt hendingane då AUF-leiaren og åtte andre berga livet 22. juli 2011 då dei flykta med ferja M/S «Thorbjørn», etter råd frå politiet. I opptak frå Eskil Pedersen sin naudsamtale med politiet 22. juli 2011 blir det dokumentert at politiet gjentatte gonger oppfordra Pedersen om å komma seg i sikkerheit.

I ein av kommentarane sine til artikkelen skriv Jan Birger Eide mellom anna at Eskil Pedersen vil «bli husket som en ynkelig dritt under vingene til Jens (Jens Stoltenberg, red.merk)».

Les meir i papirutgåva eller last ned eavisa her.