Vil ha meir islam i skulen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv NRK. Ifølgje dei har Gule forklart til Klassekampen at han ønskjer meir opplæring i islam på skulen.

– Kvifor får ei gruppe som Den islamske staten (IS) oppslutnad i Noreg? Det er eit langt viktigare tema enn at Sakkeus sat i eit tre for å sjå på Jesus då han kom forbi, sa Gule til Klassekampen.

Lurer du på kva IS eigentleg er? Sjå her!

Ein tåpeleg debatt
Leiar i KrFU, Emil André Erstad, meiner debatten Gule trekk fram er tåpeleg.

– Dette er detaljregulering i mykje større grad enn det KrF foreslo, og eg meiner kvar enkelt lærar finn ut av dette på eigenhand. Kva som er viktigast av Muhammed og Sakkeus i treet tykkjer eg er ein tåpeleg debatt, seier Erstad.

Han legg til at han heile tida har vore kritisk til stoppeklokkementaliteten rundt ein nøyaktig del kristendom i KRLE-faget.

LES OGSÅ: Reaksjonane på KRLE

Vil få meir behov for kunnskap om islam framover
Sjølv om Erstad meiner debatten Gule trekk fram er tåpeleg, er han einig i mykje av det Gule seier.

– Det er klart me vil få eit større behov for kunnskap om islam i tida som kjem, seier Erstad.

Gule meiner meir kunnskap om islam støttar regjeringa sine planar.

– Det vil hindra utvikling av ekstreme og valdelege islamtolkingar, og er i tråd med regjeringa sin handlingplan mot radikalisering, seier Gule.

LES OGSÅ: Dette er jihad