Pilene peiker nedover for regjeringa på dei siste meiningsmålingane. Blant studentane er heller ikkje tilliten til Høgre og Frp særleg oppløftande.

(NTB):
(NTB):

På ei meiningsmåling som Sentio har gjort på oppdrag for Norsk Studentorganisasjon (NSO) og Universitetet i Oslos universitetsavis Universitas, gir berre 17 prosent si støtte til Høgre, ned frå 21,7 prosent i fjor haust og 31,8 prosent våren 2013.

– Desse tala er altfor dårlege, og vi tar svara på det største alvor, seier Høgre-representant Henrik Asheim til nettavisen Khrono.

LES OGSÅ: Større offentleg sektor med Høgre

Arbeidarpartiet fossar fram
Framstegspartiet har falle frå 10 til 6 prosent oppslutning i det siste året. Arbeidarpartiet fossar på si side fram, og blant studentane er det også ein oppsving frå november i fjor. Partiet aukar frå 23,9 til 28,3 prosent no.

Miljøpartiet Dei Grøne er det nest mest populære partiet blant studentane i landet, og får ei oppslutning på heile 19,6 prosent, opp 4,9 prosentpoeng frå i fjor.

LES OGSÅ: Venstre løftar nynorsken i Statsbudsjettet

Venstre fekk 10,3 prosent
For dei andre partia er oppslutninga slik: KrF 3,8, Raudt 3,0, Sp 4,3, SV 6,6, Venstre 10,3 og andre 1,1. Veit ikkje-svar utgjorde heile 19 prosent, men er ikkje tatt med i tala for partia.

Utvalet i Sentios såkalla webpanel består av 1.000 studentar over 18 frå Noreg. (©NPK)

Are Kalvø oppsummerer eitt år med blåblå regjering: Ta den, regjeringa!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE