– Stor fare for auka fråfall i skulen
Rektor er skeptisk til sjongleringa med fag ved dei vidaregåande skulane på Søre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Stor fare for auka fråfall
– Dersom dette går gjennom vil det vere stor fare for auka fråfall i skulen.
Rektor Roger Fylling ved Ørsta vidaregåande skule trur ikkje det vil vere ei god løysing å samle ulike fag ved ulike vidaregåande skular på Søre.
– Dersom vi er opptekne av at ungdomen skal fullføre vidaregåande skule, då må vi ikkje minske moglegheitene deira for å velje det faget dei ønskjer. Dersom ein elev i Herøy ønskjer å gå bygg- og anleggsteknikk, så kan det skje at eleven vel dette vekk fordi han eller ho ikkje ønskjer å pendle heilt til Ørsta. Vi må også huske at dei yngste elevane er berre 15 år.
LES OGSÅ: Vidaregåande gir mindre kriminalitet
Samle
Utdanningsutvalet i fylket sa denne veka ja til å bygge ny vidaregåande skule for Ørsta på Mosflata. I same andedrag sa dei også at dei ønskjer å samle bygg- og anleggsteknikk i Ørsta, og restaurant- og matfag i Herøy. Sørvis og samferdsel skal samlast ved Ulstein vg. skule.
I dag er det tilbod om bygg- og anleggsteknikk og restaurant- og matfag både i Ørsta og i Herøy, mens sørvis og samferdsel er både i Volda og i Ulstein.
Fylling seier at dette ikkje hadde vore eit problem hadde kollektivtransporten fungert betre.
– Ein elev frå Herøy som vil gå på skule i Ørsta treng 1,5 timar kvar veg for å kome seg til og frå skulen. Det vil nok gjer at mange vel andre utdanningar enn det dei kanskje har mest lyst til.
Rektoren viser til at det er stort behov for yrkesfagarbeidarar, og meiner at politikarane må legge til rette for at ungdom på Søre har faga lett tilgjengeleg i sitt nærmiljø.
– Politikarane må ha ungdomen i fokus.
LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie i vidaregåande