Omstridd oljeboring i Vest-Sahara

«For fred og for våre barn ber vi dykk: ikkje bor etter olje i det okkuperte Vest-Sahara før vår sjølvråderett har tredd i kraft».

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Borar i strid med FN-vurdering

Slik avsluttar leiarane i ni saharawiske organisasjonar eit brev til det amerikanske oljeselskapet Kosmos Energy Ltd i oktober. Kosmos Energy Ltd. skal denne månaden byrje å leite etter olje i dei omstridde områda utanfor kysten av Vest-Sahara.

LES OGSÅ: Folket som ventar – om sjølvstendekampen i Vest-Sahara

Demonstrerte mot oljeboring
Laurdag demonstrerte Foreininga for saharawiar i Noreg utanfor den marokkanske ambassaden i Oslo. Foreininga fordømmer selskapet Kosmos Energys planlagde oljeboring i Vest-Sahara.

Organisasjonar, som Western Sahara Resource Watch, hevdar oljeboringa er i strid med FNs juridiske vurderingar. Ifølgje FN skal slike typar aktivitetar skje i tråd med ønska og interessene til det saharawiske folket, men organisasjonen hevdar ingen representantar for det saharawiske folket har blitt rådført i saka.

Det same skriv leiarane i ni saharawiske organisasjonar i eit brev til Kosmos Energy, der dei ber selskapet om å støtte deira rett til sjølvbestemming.

– Ingen har spurt oss kva vi meiner. Vi har rett til å avgjere den politiske framtida i landet vårt. Ikkje før vi har gjort det, vil det vere klart kven de kan gjere avtalar med. Desse aktivitetane kjem ikkje til å tene oss på nokon måte, berre dei som allereie undertrykkjer oss, skriv organisasjonsleiarane mellom anna i brevet, som mellom anna vert distribuert av Støttekomiteen for Vest-Sahara.

LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie i vidaregåande

Kosmos Energy meiner derimot sjølv at selskapet held seg innanfor internasjonal rett. På sine nettsider skriv dei mellom anna at dei har samarbeida nært med marokkanske myndigheiter og internasjonale ekspertar, for å lage ein utvikligsplan som vil kome folket i området til gode. Selskapa som er involvert i prosjektet, har mellom anna gjennomført ein konsultasjonsprosess i samarbeid med marokkanske styresmakter.

Denne prosessen vert av Western Sahara Resource Watch kalla «tvilsam», og det vert hevda at berre pro-marokkanske grupper i området vart rådført.

Norske styresmakter rår norske selskap ifrå all næringsverksemd som har med det okkuperte området å gjere. Tidlegare i år vart det kjent at norske og delvis statseigde Aker Solutions har levert utstyr til boreskipet.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Våpenkvila kan vere truga
Dei omstridde oljeaktivitetane skjer berre kort tid etter at den marokkanske kongen erklærte at Vest-Sahara kan sjå langt etter sjølvråderett.

– Marokko vil bli verande i Sahara, og Sahara vil vere ein del av Marokko til verdas ende, sa kong Mohamed VI nyleg, i høve eit arrangement som markerte at det er 39 år sidan Marokko annekterte det omstridde området, ifølgjeNRK.

Det har fått den saharawiske frigjeringsrørsla Polisario til å truge om å ta opp att våpena, som har lege sidan våpekvila vart inngått på tidleg 90-tal. Sidan fredsavtalen i 1991, har saharawiarane venta på at Marokko skal halde sin del av avtalen og gjennomføre eit folkerøysting om framtida til området. I Marokko vert Vest-Sahara derimot omtala som ein del av landet.

Marokkanske myndigheiter og Polisario er særs ueinige i kven som skal få delta i folkerøystinga.

Nyleg kom organisasjonen Human Rights Watch med ein rapport om tilhøva i flyktningleirane og dei okkuperte områda, der også Polisario får kritikk på nokre område.

FN-operasjon MINURSO, er tilstades i dei omstridde områda og i flykntningleirane.

Operasjonen manglar, som einaste FN-operasjon i verda, mandat om å rapportere om menneskerettsbrot i området. Medan Polisario seier dei støttar ei utviding av FNs mandat i området, er Marokko imot dette.

LES OGSÅ: Det største norske sviket

Noreg støttar sjølvbestemmelsesrett
I likheit med dei fleste andre land, godtek ikkje Noreg Marokkos erklæring om at Vest-Sahara inngår i den marokkanske staten. Ifølgje statssekretær Bård Glad Pedersen har denne politikken lege fast hjå alle norske regjeringar sidan konflikten oppstod på 1970-talet.

Statssekretær Bård Glad Pedersen (H) skriv følgjande i ein epost om norsk politikk i Vest-Sahara:

– Regjeringas Vest-Sahara-politikk ligg fast. Noreg støtter FNs innsats for ei politisk løysing som inneberer sjølvbestemmelsesrett for folket i Vest-Sahara. Vi oppmodar partane til å gå inn i direkte forhandlingar utan førehandsbetingelsar.

Glad Pedersen peikar på at Vest-Sahara har status som ikkje-sjølvstyrt område i FN.

– I likskap med tidlegare regjeringar rår vi frå næringsverksemd i området. Noreg og Nederland er, etter det eg kjenner til, dei einaste europeiske landa som opererer med ei klår fråråding mot privat verksemd i Vest-Sahara. Dette gjer vi fordi Vest-Saharas uavklarte status inneberer at utnytting av ressursane i området ifølgje folkeretten må skje i samsvar med lokalbefolkingas ønskjer og interesser. Det er også viktig å unngå opptreden som kan takast til inntekt for eit bestemt utfall av FNs meklingsprosess eller oppfattast som ei legitimering av situasjonen i Vest-Sahara, skriv statssekretæren.

LES OGSÅ: Lost in translation – om Belgia, språket og splitting