Feminisme-testen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kanskje har du høyrt om Bechdel-testen, som sidan 1985 har blitt brukt som eit mål på kvinner si rolle i filmar. Det er ikkje snakk om at Megan Fox vrir seg over det dampande panseret til ein bil, men eit minstekrav om kvinnelege karakterar med faktiske trekk og ein agenda. Følgjer ein testen, viser det seg at kvinner veldig sjeldan får stå på eigne bein i storfilmane.

Bechdel-testen er berre tre enkle spørsmål:

1) Er det to namngitte kvinner med i filmen?

2) Snakkar dei to med kvarandre?

3) Snakkar dei med kvarandre om noko anna enn ein mann?

Tenk gjerne etter om du kjem på nokon filmar som oppfyller desse tre, rimeleg enkle kriteria – før du sjekkar fasiten her. Hos Business Insider kan du og finna meir detaljert statistikk over sjanger, henta frå Reddit.

LES OGSÅ: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner

Ringenes Herremenn
Det syner seg raskt at lista over filmar som ikkje består testen er lang – til dømes ryk både den originale Star Wars-triologien, dei tre første Mission: Impossible-filmane og heile Ringenes Herre-triologien ut.

Ein filmserie som faktisk består testen ifølgje nettsida Bechdeltest.com er Transformers-serien til Michael Bay – medan «The Other Woman» frå i fjor – med kvinner i alle hovudrollane – ikkje består testen, som Filmpolitiet skriv om.

I Sverige vart det gjort eit forsøk i fjor haust på blant anna kinoen Bio Rio, basert på Bechdel-testen – filmane som bestod fekk eit A-stempel, for å setja fokus på kvinnerelaterte historiar. Då dei starta med forsøket, møtte dei kritikk frå blant andre den svenske filmanmeldaren Hynek Pallas.

– Det er altfor mange filmar som består Bechdel-testen som ikkje hjelper samfunnet i det heile med å bli meir likestilt eller betre – og mange filmar som ikkje består, men som er fantastiske på nettopp det, sa Pallas ifølgje Filmpolitiet.

Eowynbruk

Eowyn, spelt av Miranda Otto, går imot forventingane og reiser ut i krigen i Ringenes Herre. Filmane består ikkje Bechdel-testen. Foto: New Lince Cinema/Wingnut Films

LES OGSÅ: Kvinnegruppa Ottar Dahl vil ha meir historie inn i vidaregåande

Misvisande
Innvendinga til Pallas er på sin plass. Bechdel-testen er kanskje ikkje eit komplett mål for ståa til likestilling på filmlerretet. Men korleis kan me sjå korleis det eigentleg står til?

Bechdel-testen kan vera misvisande om ein brukar det som ein «feminisme-test», har fleire påpeikt. Ringenes Herre består ikkje. Der har du Eowyn som bryt med alle forventingar lagt på ho om å pleia dei eldre og sjuke medan mennene krigar, og endar opp med å (SPOILER) trassa alt, reisa ut i krigen og plassera sverdet sitt midt i fjeset på ein av dei aller største skurkane.

Samstundes består alle Transformers-filmane, som kanskje er like kjend for at Megan Fox dampar over bilpanseret som robotar som slåss.

LES OGSÅ: Jævla feministhore

Mako Mori-testen
Det er fleire enn den svenske filmanmeldaren som har reagert på bruken av Bechdel-testen som eit mål for ei verdig rolle for kvinner i filmen. Ei rekke kritikarar kasta seg imot, og meinte at Bechdel-testen ikkje var ein verdig målestokk for filmar, og at den ikkje tok føre seg nyansane på ein god måte.

Nokre lanserte og eigne testar for å måla kvinnene si rolle i filmen. Ein av dei var basert på storfilmen Pacific Rim frå i fjor, der ein av sidekarakterane heitte Mako Miro, som kom inn i kampen mot dei store sjømonstra med ein eigen agenda, om å hevna foreldra. Pacific Rim består ikkje Bechdel-testen, men vart opphavet for Mako Miro-testen:

1) Har filmen minst ein kvinneleg karakter?

2) Har den karakteren ein eigen historieutvikling?

3) Har den historia nokon annan hensikt enn å støtta ein mann?

Med den testen vil fleire filmar som består Bechdel-testen ryka, medan mange som får stryk frå Bechdel får bestått. Megan Fox i Transformers får stryk, medan Eowyn i Ringenes Herre får ein gyllen A.

MakoMoribruk

Pacific Rim (2013) består ikkje Bechdel-testen, men nokon tok utgangspunkt i karakteren Mako Mori for å laga ein alternativ test. Foto: Warner Bros.

LES OGSÅ: Sjukt lite likestilt

Helten Katniss
Dei siste par åra har det ikkje vore nokon tvil om kven som er det verkeleg store symbolet på sterke, kvinnelege karakterar – både på og av skjermen. Jennifer Lawrence sin Katniss Everdeen i Hunger Games-filmane blir ståande i spissen for ein krig på lerretet, der ho er både vakker og tøff, sterk og sårbar på same tid. BBC skryt av Katniss-rolla – og Jennifer Lawrence – her.

– Ho er modig, men tvilar. Ho er ein fenomenal, fiktiv karakter, men likevel ekte nok til at filmsjåarar kan bli inspirerte av verdiane, styrken og dei veldig menneskjelege indre konfliktane, skriv BBC-journalist Lisa Schwarzbaum.

Det finst sjølvsagt større og lengre analysar av Katniss Everdeen si rolle som ein sterk feministisk karakter – til dømes denne analysen.

LES OGSÅ: No er dei lei av sex-reklamar

Eit minstemål
For ordens skuld: Begge Hunger Games-filmane som har komme til no består Bechdel-testen. Det gjer mest truleg og det tredje tilskotet, Mockingjay del 1, som kjem på kino 19. november.

Men som me allereie har vore inne på, er ikkje Bechdel-testen eit perfekt mål for kvinna sin status i filmen. Det kan heller vera ein oppvekkar, slik som FN-rapporten frå tidlegare i haust som konkluderte med at filmbransjen diskriminerer kvinner.

I FN-rapporten kom det fram at berre 22,5 prosent av arbeidsstyrken på filmlerretet er kvinner – og berre 15 prosent av desse sit i maktposisjonar. Kvinner er som oftast sexy, ikkje sterke.

– Faktum er at kvinner er alvorleg underrepresenterte i nesten alle samfunnssektorar verda over, ikkje berre på filmlerretet. Men vi er rett og slett ikkje klare over omfanget, sa skodespelaren Geena Davis til The Guardian då rapporten kom ut. Ho meinte filmbransjen heller burde gå føre og vise veg.

Bechdel-testen er kanskje for enkel, og misvisande når den godkjenner til dømes Transformers-filmane og Megan Fox framfor Pacific Rim og Mako Mori. Poenget er ikkje at den skal vera eit godt mål for feminisme – men eit minstekrav i ein industri som tydelegvis treng litt oppvekking.

PS: Det skal leggast til at Bechdel-testen aldri var meint som Den store feminisme-testen, noko som blir forklart godt i dette blogginnlegget.

LES OGSÅ: – Du, kjekken, blir med meg på bakrommet

Faktaboks

Bechdel-testen dukka opp i 1985 i teikneserien «Dykes To Watch Out For» av Alison Bechdel, der hovudpersonen presenterer testen som eit mål på kva filmar ho orkar å bruka pengar på.

Her kan du lesa den originale stripa.

Sidan då har mange brukt den som eit mål for kvinner si rolle i film, og overraskande mange filmar oppfyller ikkje dei enkle krava.

Mange meiner og det er eit dårleg mål på kvinnene si rolle.

Dette er Bechdel-testen:

Er det to kvinnelege karakterar med namn i filmen?

Snakkar dei med kvarandre?

Handlar samtalen om noko anna enn ein mann?

Du kan sjå ei oversikt over kva filmar som består og ikkje består her.