Fekk att fråstolen veske – heilt på eiga hand

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 00:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tok vesketjuven sjølv

27-åringen var på utestaden saman med vener laurdags kveld. Då ho skulle heim, var veska – med mellom anna mobil og husnøklar – sporlaust forsvunne.

– Eg hadde hengt veska på ein stol. Då eg kom tilbake etter ein tur i baren var den vekke, fortel Kyvik til Sunnhordland.

Fortvila spurte ho venene om kva ho kunne gjera.

Det var då ei venninne kom på at ho sikkert hadde sporings-appen «Find my iPhone» (sjå faktaboks) installert på telefonen som låg i veska.

LES OGSÅ: Ronny omgåast valdtektsmenn dagleg

Fann telefonen
Det hadde ho, og dei klarte med eitt å spora opp telefonen.

– Klokka var vel rundt tre på natta. Då var telefonen på Heiane, og ein såg tydeleg at den bevegde seg mot Sagvåg, seier Kyvik.

Saman med venegjengen og nokre vakter frå utestaden heiv dei seg inn i ein bil og tok opp jakta på telefonen.

– Då me kom fram til staden der telefonen var, var det bekmørkt. Men det var tydeleg at folk var heime i huset der sporingsverktøyet meinte telefonen oppheldt seg, held Kyvik fram.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Banka på
Geir Kannelønning var med i bilen som køyrde til Sagvåg natt til søndag.

– Me ringde på og spurte om dei kjende til saka. Me var høflege og greie, og snudde i døra då vedkommande som opna avkrefta at telefonen og veska var i huset, seier Kannelønning.

Venegjengen ringde vidare til politiet, som ifølgje gjengen ikkje hadde sjans til å hjelpa. 

– Då snudde me berre å køyrde heim att, seier Susanne Kyvik.

Ho blei tvungen til å overnatta hjå ei venninne då husnøklane framleis var borte vekk.

LES OGSÅ: Dysterlystig hemntur

Dagen derpå
Neste morgon var 27-åringen framleis utan mobil og husnøklar.

– Først kontakta eg politiet på nytt. Dei kunne ikkje hjelpa då heller.

Då kopla pappa Jens Rune Kyvik og bror hennar, Espen Kyvik, seg på saka.

– Etter om lag tre timar ringde eg og til politiet. Då dei ikkje kunne hjelpa då heller, bestemte me oss for å køyra ut til huset i Sagvåg, seier Jens Rune Kyvik.

– Me måtte jo nytta sjansen med det framleis var straum på telefonen – og den viste oss kor den oppheldt seg, legg han til.

Då dei kom fram til huset blei venninna til Susanne Kyvik oppringt av eit utkjent nummer.

– Då fortalde vedkommande at dei hadde funne ei veske i postkassen sin tidleg søndag morgon. Då me fortalde at me allereie var på plass utanfor huset, kom dei ut med veska, seier Susanne Kyvik.

I veska var alle eigendelane hennar, bortsett frå eit skjerf. 

– Det gjekk jo veldig bra til slutt. Og for alt eg veit kan det ha vore nokon som har teke med seg feil veske. Men heile situasjonen er jo veldig merkeleg, held ho fram.

LES OGSÅ: Eg(o) treng ikkje feminisme

Reagerer på politiet
Geir Kannelønning reagerer sterkt på kor lite hjelpsame politiet var natt til søndag.

– Eg synest dette er heilt utruleg. Me visste kor mobilen var, likevel ville dei ikkje hjelpa. Det er for dårleg.

Politiet: – Bør overlata slike saker til oss

Jens Rune Kyvik ringde sjølv til politiet etter at veska var komme i rette hender att.

– Då presenterte eg meg som privatetterforskar Jens Rune Kyvik, og sa at saka var løyst.

Saka vart først publisert i Sunnhordland

Faktaboks

Find My iPhone:

Er ein app til Apple sine mobiltelefonar. Viss du mistar mobilen din, kan du kontakta appen og låsa telefonen slik at uvedkommande ikkje kan bruka den. I tillegg kan du finna ut kor den er i verda. Fleire andre appar frå andre leverandørar tilbyr den same tenesta.