Mange saker om familievald samlar støv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Familievald oversett

Aftenposten har gått gjennom over 50 dommar som viser at sambuarar og familiefedrar som i årevis har utøvd vald og framsett truslar mot kone og barn, får strafferabatt i norske domstolar.

Sjølv om Høgsterett har fastslått at vanleg reaksjon for familievald skal vere fengsel utan vilkår, slepp nokre overgriparar heilt å bli sett i fengsel. Andre får ein stor del av straffa gjort på vilkår, slik at berre ein del av straffa må bli sona. Årsaka er at sakene er blitt liggjande lenge hos politiet.

Ifølgje Aftenposten er såkalla liggjetid hos politiet på eitt og to år ikkje uvanleg, og fleire saker har blitt liggjande i tre år utan at politiet har sett på dei.

LES OGSÅ: Ronny omgåast valdtektsmenn dagleg

Fleire grunnar
Årsaka til at sakene blir liggjande lenge, er fleire. I retten blir det peika på årsaker som bytte av aktor eller etterforskar i saka, at saka først blei lagt bort, at det var nødvendig med meir etterforsking, at det tok tid å få dokument frå barnevernet, eller at saka heilt enkelt blei liggjande utan å bli følgt opp. (©NPK)

LES OGSÅ: Norsk barnefattigdom halvert dei siste åra