Are Kalvø vil lære oss noko om tidsbruk. Vi har testa kva det er mogleg å få ut av den sceneaktuelle komikaren på ti minutt.

NPK-NTB-Trine Andersen
NPK-NTB-Trine Andersen

 – Brukar vi tida vår lurt, Kalvø?

– Det er eit veldig stort spørsmål. Det kjem an på kva du meiner med lurt. Vi brukar sannsynlegvis ikkje tida vår fornuftig, men eg trur det er bra. Det er ein god ting at vi har tid til å våse og gjere ufornuftige ting, seier Noregs 57. mest morosame mann.

Fredag hadde han urpremiere på soloframsyninga «Kalvø» på Det Norske Teatret. På ein dryg time fortel han om korleis vi brukar tida vår, basert på harde fakta frå Statistisk sentralbyrå.

LES OGSÅ: Shakespeare og Kalvø på Det Norske

Noko stort
– Det store spørsmålet er jo om vi som lever no er i stand til å gjere noko stort, om vi har tid til å gjere noko stort, og kva er eigentleg noko stort? Det er eit gjennomgangstema. Så glir eg jo kraftig ut i veldig mange retningar. Undervegs er eg innom veldig mykje frå politikk til plukkfisk.

– Får vi svar på meininga med livet ved å sjå denne framsyninga?

– Då må du kome og sjå framsyninga, men det er jo ikkje utenkjeleg. Eg kan ikkje garantere noko, men eg skal gjere mitt beste.

– Du har jo drive på i årevis. Det er nesten utruleg at dette er di første soloframsyning?

– Det er så mange som har sagt det same, at eg begynner å lure på om eg har teke feil. Eg har jo stått ganske mykje åleine på scena som komikar, men ikkje laga ei heil framsyning der eg er hovudpersonen. No er eg ikkje åleine. Eg har med meg to musikarar, og ein gjest kvar kveld, og får hjelp av nokre bilete på veggen. Men det er jo eg som skal stå for det som blir sagt.

– Du likar vel å prate?

– Ja, det er ikkje det verste eg veit. Så har eg jo fått veldig behagelege møblar her, så dersom det skulle bli for mykje, kan eg berre legge meg nedpå, seier Kalvø.

LES OGSÅ: Are Kalvø kjem med ny grunnlov

Snill som eit lam
I tillegg til dei ti minutta våre, får vi ein smugkik på dei fem første minutta av framsyninga. Kalvø sit lett avslappa bak skrivebordet i eit bibliotek. Ved sida av står ein chesterfield-sofa og ein behageleg stol. Her skal han kvar kveld ta imot ein kjent gjest.

– Du kan vere ganske nådelaus. Har gjestene dine noko å frykte?

– Det vil jo vise seg. Eg er først og fremst interessert i å hente ut gode tips frå liva deira. Og eg er i alle fall ikkje nådelaus. Eg er snill som eit lam.

– Det blir ein dagsaktuell vits kvar dag også. Det kan vel bli ei utfordring på dagar det ikkje skjer så mykje?

– Det er jo nettopp det som er poenget. Den dagen det ikkje skjer noko er ein god dag, seier Kalvø.

LES OGSÅ: Skandale-regjering!

Sjiraff
– Korleis er det å vere på Det Norske Teatret?

– Det er veldig morosamt å jobbe her. Det er eit fantastisk maskineri på eit slikt teater. Blir det sagt eit eller anna i forbifarten på ei av prøvene, så er det fiksa på to minutt. Det er slik ein må passe litt på kva ein seier. Seier eg som ein vits at det hadde vore artig med ein sjiraff over scena akkurat her, så kjem han – ikkje dagen etter, men om eit kvarter.

– No er vi på 9.48. Noko meir du vil seie om framsyninga?

– Nei, no har vi snakka om både tidsbruk og plukkfisk. Eg må ikkje seie for mykje heller. Folk må kome og sjå, seier Kalvø.

Etter å ha vore spelt på Det Norske Teatret er det slett ikkje utenkjeleg at Kalvø blir å sjå på scener rundt om i Noreg neste år. Etter det NTB erfarer skal det vere planar om å sende framsyninga ut på turné med Riksteatret. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE