Skuter-stopp i departementet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 For vel tre månader sidan tikka det inn brev på kommunehuset i Vinje, signert Klima- og miljødepartementet. Det var avslag på framhald av skuterløypene Vinje har hatt sidan 2002.

Skuterløypene i Vinje kommune desse 12 åra, er ei prøveordning der sju kommunar sjølve forvaltar motorferdsel i utmark.

– Over tid voks det fram ein kultur for fri bruk av skuter i utmarka, som førte til konflikt med det ikkje-motoriserte friluftslivet. Me vart med i forsøksordninga for å løysa denne konflikten, seier ordførar Arne Vinje (SV).

Det er no over 800 registrerte og uregistrerte skuterar i kommunen, og Arne Vinje trur det vert vanskeleg å få forståing i skutermiljøet for forbodet. Han fryktar difor mykje ulovleg køyring, og utan at det finst midlar til å kontrollera det.

– Ordninga har endra sjølve skuterkulturen, tufta på forståing og respekt for at retten til å køyra i utmark må avgrensast av omsyn til andre interesser, seier han.

LES OGSÅ: DNT ut mot snøscooter-politikk 

Her er soga:
Forsøksordninga Vinje kommune vart med på i 2002, vart avslutta og evaluert i 2005. I 2008 fekk kommunane løyve frå departementet til å halda fram med ordninga i påvente av endring i motorferdsellova vart avklart og sett i verk.

I 2014 ville departementet utvida ordninga. Fyrst med 40 kommunar, så alle som søkte – over 100 i talet. I samband med utvidinga avvikla departementet alle tidlegare forsøk og forskrifter. Inkludert den opphavlege prøveordninga Vinje var med i. Det fekk ikkje nokon konsekvens då, sidan ordninga vart utvida.

Denne utvida forsøksordninga vart seinare stogga, fordi Sivilombodsmannen slo fast at ho var i strid med forsøkslova. Arbeid med ny lov vart sett i gang. Då forsøksordninga vart stogga sendte Vinje kommune søknad til departementet om å få halda på den opphavlege ordninga denne vinteren òg. Søknaden vart avslegen.

I avslaget skriv departementet at dei ikkje kan vidareføra forsøket Vinje har hatt sidan 2002, fordi alle forskrifter og forsøk vart avvikla då dei utvida forsøket. Departementet kan heller ikkje vidareføra ordninga fordi ei forsøksordning krev evaluering, og ein kan ikkje evaluera eit forsøk etter at arbeid med ny lov er sett i verk.

Departementet kan altså ikkje vidareføra ei ordning dei ynskjer å utvida fordi ho i så fall må evaluerast. Som ho vart i 2005, av Norsk institutt for naturforsking.

LES OGSÅ: – Skuterrapport blir misbrukt 

Svarar ikkje på brev
Utmarkskommunenes sammenslutning (USS) har arbeidd med saka for dei sju aktuelle kommunane, og engasjert advokat.

Advokatfirmaet sende eit brev like etter avslaget der dei gjer framlegg til departementet at dei vedtek ei mellombels forskrift, som gjer det mogleg for kommunane det gjeld å halda på ordninga dei har hatt i 12 år, fram til lova vert ferdig.

Ei forskrift er ei slags konkretisering av ei lov, om korleis ei lov er meint å fungera. Forskrifter kan vedtakast i eit departement, og treng soleis ikkje gå til Stortinget, i motsetnad til ei lov.

To månader har gått og Klima- og miljødepartementet har ikkje svara på brevet frå advokaten. Vinje kommune sende ein månad seinare eit purrebrev, der dei presiserte at dette hastar å få avklart før vinteren. Departementet har ikkje svara.

Etter dette har advokaten vore i samtale med departementet, der ho formidla kor viktig det er for kommunane med ei rask avklaring. Departementet kunne korkje gje svar på spørsmålet om forskrift, eller på eit spørsmål frå Vinje kommune om møte. Advokatfirmaet skriv til Vinje at «etter vårt syn er det nytteløst å purre ytterligere», og meiner den einaste moglegheita for å få ein reaksjon er om ein stortingsrepresentant stiller spørsmål i Stortinget til statsråden.

LES OGSÅ: Ungdom vil ha meir scooter-politi 

Spør statsråden
Stortingsrepresentant Kjell-Idar Juvik (Ap) frå Nordland har no sendt spørsmål til statsråden. Spørsmålet vert, som han seier, vonleg, svara på i spørjetimen på Stortinget onsdag.

Spørsmålet er av formelle grunnar stilt til kommunalminister Jan Tore Sanner, og ikkje til miljøminister Tine Sundtoft. Det er fordi forsøksordninga om å la kommunane driva lokal forvaltning av motorferdsel i utmark ligg under Kommunaldepartementet. Ei mellombels forskrift om framhald av ordninga Vinje kommune har hatt, må Miljødepartementet vedta.

Vurderer forskrift
Like før VTB gjekk i trykken, over eitt døger og fleire purringar på ei rekkje spørsmål om saka, kom svar frå departementet. Miljøministeren svarar at dei håpar å fremja lov for Stortinget som kan vedtakast før jul. Ho seier òg at dei vurderer framlegget frå USS, men hoppar over resten av spørsmåla frå VTB.

LES OGSÅ: Djup mistillit til scooterprosessen 

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad.