– 227 lette kilo
Hildeborg Juvet Hugdal sette ny verdensrekord i VM.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er veldig fornøyd. Føler eg vann bronse, seier Hildeborg Juvet Hugdal i ei Facebook-melding til Ryfylke.
I natt, i 02.30-tida, var ho i aksjon i verdsmeisterskapet i styrkeløft i USA. Saudajenta fekk bronse i konkurransen – bare 0,5 kilo bak sølvplassen.
LES OGSÅ: – Meir godtatt at jenter trener styrke
Hennar eigen verdsrekord på 225,5 kilo i benkpress, sett under i The Arnold Sport Festival i mars i år, rauk då saudabuen klarte dei 227 kiloane ho forlangde i løftet.
– 227 lette kilo, seier Juvet Hugdal om rekordløftet sitt.
Saudabuen fekk godkjent bare eitt av knebøyløfta sine, på 265 kilo. I markløft greidde ho 202,5 kilo og fekk då 694,5 kilo i samanlagtvekt.
– Då er eg ferdig. Fullstendig ferdig! Eg har slitt mykje dei siste dagane, for ikkje å snakka om omstilling av tid og høgdeforskjell. Eg har ikkje vore i form, og har nærast vore sengeliggande, fortel Hildeborg Juvet Hugdal i Facebook-brevet sitt.