Varaordførar Olav Harald Ulstein skal i dag i møte med ordføraren i Sykkylven, som ikkje likar at Ulstein brukte karakteristikkar som "ynkeleg" og "motbydeleg" om andre Farmen-deltakarar.

Anne Gry Eilertsen, Vikebladet
Anne Gry Eilertsen, Vikebladet

Ulsteinætlingen Olav Harald Ulstein er tilbake i Sykkylven etter opphaldet sitt i Farmen. No er han klar for vervet som varaordførar (Framstegspartiet).

Men ifølgje VG har ordførar Petter Lyshol fått hundrevis av reaksjonar frå folk frå heile landet på at varaordføraren i kommunen kunne oppføre seg som han gjorde i Farmen. Det resulterte i at ordføraren gjekk ut i media og tok avstand frå sin eigen varaordførar.

LES OGSÅ: – Eg er den sprøaste deltakaren

– Det er ikkje fine tibakemeldingar vi har fått, og det har vore hundrevis av dei, sa ordføraren til VG.

Men Olav Harald Ulstein har fått andre reaksjonar:

– Eg har snakka med mange her i heimbygda mi i dag som reagerer på måten ordføraren har ordlagt seg på, men eg vil ikkje seie meir om denne sake før eg får høyre kva han har sagt, seier Harald Olav Ulstein.

Også dottera til Ulstein har engasjert seg. Ho er ikkje nådig om ordførar Petter Lyshol sin påstand om at Ulstein skader omdømmet til Sykkylven kommune.

Saka var først publisert i Vikebladet.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

ANNONSE