Fekk politiet på døra på grunn av Facebook-bilete

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politi konfiskerte tulleuniform

– Det kom tre polititenestemenn og ringde på hos meg på fredagen. Eg var ikkje heime sjølv, men det var sambuaren min. Ho ringde meg opp og lurte på kva i all verda som var på gang, fortel Ronny Larsen, som bur i Dåfjorden.

LES OGSÅ: Stord-lensmannen meiner det er fornuftig ressursbruk

Dette er starten på Stord-politiet si jakt på ei politiuniform Larsen kjøpte i Thailand for sju-åtte år sidan.

Lyste opp i nabolaget
– Eg blei sjølvsagt bekymra, så eg ringde politiet, men eg kom ikkje gjennom. Etter kvart som eg prøvde fleire gonger, blei eg meir og meir irritert. Til slutt fekk eg svar, der dei forklarte at dei hadde sett biletet av meg med ei politiskjorte på Facebook-sida mi. Eg sa at dei skulle få skjorta, og me avtalte at dei skulle ta kontakt neste dag, seier Larsen. 

Men timane gjekk og Larsen høyrde ikkje meir frå politibetjentane dagen etter.

– Så me gjekk i ei bursdagsfeiring. Då me etter kvart tok turen vidare til Leirvik sentrum, gjekk eg bort til ein patrulje og spurde om dei kjende til saka om ei uniform. Han eine hadde høyrt noko rykte om det. Eg bad dei om å komma og henta skjorta, men at dei godt kunne ringa meg først, forklarar han.

Klokka 12 neste dag stod, ifølgje Larsen, igjen tre polititenestemenn på trappa i Dåfjorden, klare til å henta skjorta.

– Dei ringde sjølvsagt ikkje på førehand. Eg lurer på kva naboane mine har tenkt då dei såg dette. Dei trua til og med om å ransaka huset om eg ikkje leverte skjorta. Men skjorta hadde eg ingen problem med å gje frå meg, fortel 25-åringen.

LES OGSÅ: Vil innføre droner i politiet


Her er politiskjorta Ronny Larsen kjøpte på ein ferietur for fleire år sidan. No har Stord-politiet henta uniforma. Foto: PRIVAT 

Brukt i private lag
Ifølgje Larsen gjekk politiet gjennom fleire bilete på den opne Facebook-sida hans.

– Dei lurte mellom anna på om eg var med i Hells Angels sidan dei hadde sett meg på eit bilete med nokre medlemmer. Eg har aldri vore med i Hells Angels, fortvilar Larsen.

Skjorta han kjøpte på ein ferietur er ikkje heilt identisk med den Stord-politiet nyttar, men kan kanskje forvekslast.

– Skjorta er brukt i utkledningsfestar i private lag. Eg har aldri hatt skjorta med meg utanfor huset. Ein føler seg jo overvaka, og eg synest det er spesielt at politiet brukar tid på dette, seier Larsen som er glad saka no er ute av verda.

Og for ordens skuld: Larsen har ingen planar om å gå Stord-politiet i næringa.

– Nei, eg har aldri vurdert å bli politi, seier 25-åringen i Dåfjorden.

– Eg kjenner opp mot ti andre på øya som har identiske skjorter, kjøpt på ferieturar. Dei får sjekka deira Facebook-profilar òg, seier han.

LES OGSÅ: Krev nynorsk kvitter frå politiet

Enorm respons
Han la ut ein status på Facebook etter hendinga – noko som førte til enorm respons frå folk: 73 delingar og tett på 300 «likes».

Larsen avslutta innlegget slik:

«No er saka deira løyst, og då blir det vel ein flott julebonus på dei tre som har sete på Facebook i arbeidstida og sett på alle dei flotte bileta mine:) Gratulerer med dagen til Stord lensmannskontor for at oppklaringsprosenten dykkar nett steig litt.»

Les også: Stord-lensmannen meiner det er fornuftig ressursbruk

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland. 


25-åringen seier han er glad saka no er ute av verda. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN