Ordmora på Westerdals

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helten er noko av det første som kjem på plass i ei bok. Det gjeld til dømes i bøkene til Edy Poppy. Ho kunne sjølv ha vore ein helt i ei bok. Før ho vart hovudperson i eige eventyr, før ho gjekk ut i verda, heit ho Ragnhild Moe, og budde med lærarforeldre på ein storgard på Bø. Bondejenta var berre 17 då ho flytta frå Telemark, frå Noreg, frå namnet sitt, og frå forventningane i Noreg om kva ho skulle vere, som ung kvinne. Ragnhild Moe skulle vel gjere akademisk karriere, og ho skulle gjere det på vanleg studentvis, i ein av dei norske studiebyane. Men Moe tok eigendom over verda, over livet sitt, og som Edy Poppy budde ho i Montpellier, forelska seg etter berre to månadar, og vart fridd til av Tam. Edy sa ja, og vart kone, kunstnar, student ved lycée:

– Ja, slik byrja det, seier forfattar og skrivelærar ved Westerdals School of Communications:

– På dette stadiet visste eg allereie at eg ville bli forfattar. Men eg tenkte at det var for tidleg å forlate det norske språket. Difor drog eg attende til Noreg. I Bø fullførte eg siste året på gymnaset. Eg hadde alltid fått gode karakterar på skulen. Eg fekk seks i norsk av læraren min. Men til eksamen strauk eg nesten. Då tenkte eg på den franske forfattaren Albert Camus som hadde fått 0 i fransk. Dette at eg nesten strauk i norsk gjorde noko med meg.

LES OGSÅ: – Eittåringane er nøkkelen

Siden då har Edy forma sin eigen karriere, som kunstnar og forfattar. Ho vann Gyldendals konkurranse om "beste kjærleiksroman", og debuterte med Anatomi Monotoni i 2005. Sidan då har ho skrive boka Sammen. Brudd, og blitt ein inspirator for andre unge skrivelystne:

– Eg er ikkje redd for at studenten stiller spørsmål. Eg liker openheit og blir ikkje flau om det er noko eg ikkje kan svare eleven. Eg er eit menneske med mine styrker og svakleiker. Eg sitt ikkje med ein fasit. Det er uansett ikkje interessant med fasit når det kjem til kreative fag. Det eg verkeleg kan hjelpe studentane mine med, er å leite etter det særeigne i seg sjølv, å få det opp til overflata. Eg oppmodar dei til å tørre ting, ta fleire og større sjansar. – Å feile er ikkje ein svakleik, seier eg. Men å ikkje tørre å feile derimot, det har aldri endra noko i verda.

LES OGSÅ: Dialektreise med Prøysen i bagasjen

Dramatikar, forfattar, performancekunstnar
Ta ein måndag i Oslo. Ein av dei grå dagane, eller blågrå, du veit – etter jule – eller nyttårsfeiring. Stemninga i klasserommet på Westerdals er farga av byen. Det er ei dunkel stemning. Den står i kontrast til vanlege dagar, midt i semesteret, då kraft og skaparvilje får veggane til å vibrere. Edy er godt førebudd og psyka opp. Men skrivehendene til elevane er likevel litt tyngre i dag. – Gå ut, seier Edy då: Sett dykk i ein situasjon som skremmer dykk litt! Sett noko på spel! Utfordre dykk sjølv!

– Vent ikkje på at histriene skal komme til dykk, men skap dei sjølv, seier Edy. Elevane går ut. Nokre går på trikken, andre ut i gata. Ein elev sett seg ved datamaskina, og gjer det vanskelegaste han kan tenkje seg til: Han oppsøker nettroll. «Hatarar», som dei blir kalla: anonyme kommentararar som mobbar. Denne eleven tar kontakt med hatarar, og pratar med dei: Direkte, og ikkje via kommentarfelta. Han skriv om dette, på enden av dagen, og leverer til Edy. Stolt av teksten, men også stolt av seg sjølv, som menneske i verda.

– Eg kjenner meg som ei ordmord for elevane mine. Alle har vi kroppane våre fulle av ord, setningar, rytme og punktum. Eg hjelper dei med å få dei ut, sleppe seg laus.

Edy er ein slags fadder. Ho har blitt viktig for mange førsteåringar ved Westerdals

– Eg viser meg både sterk, svak og menneskeleg. Då er det lettare for studentane mine å følgje etter. Die opnar seg for meg, og viktigare: For kunsten. Eg seier som Leonard Cohen: There’s a crack, there’s a crack in everything, and that’s where the light comes in. Eg leiter alltid etter sprekkane – i skrift, i folk. Ein sprekk kan bli til ei revne. Under revna ligg som regel det interessante. Bruk din eigen usikkerheit som kompass, seier Edy.

Ho følgjer opp denne læra i eige liv, Edy, som også er dramatikar, og var ein av tekstforfattarane til operaenDesiring Machines. Hennar eige stykke Konteiner blir sett opp i år.

– Nesten alt eg har skapt har skjedd via noko eg først trudde var ein feil, men som viste seg å vere sjølve det som eg leitar etter. Det tok berre litt tid før eg klarte å gjenkjenne noko eg aldri hadde sett før.

LES OGSÅ:Skjult bak eit alias

Frå «livets skule» til Westerdals
Tenkjer du sjølv på å søkje til skrivelinja ved Westerdals? Edy Poppy skildrar ein nesten typisk time, når ho er lærar. Det byrjar med at Edy og elevar gjer oppgåver ilag for å komme forbi sjølvsensur, og varme opp. Ho prøver å setje elevar i kontakt med undermedvitet.

– Timen er eit startsskot. Men han må også vere eit trygt rom. Det må vere trygt på den måten at ein tør å gå inn i det utrygge. Eg er der og tar imot om nokon ramlar. Det skjer både metaforisk, og også bokstaveleg. Ein kan falle i skrift!

Edy hentar metodane sine frå surrealistane. Ho håpar at elevane kan tenkje fritt og originalt, og ikkje vere redde.

– Skriving handlar ikkje så mykje om å vere flink, men om å tørre å kaste seg ut i noko utan å vite om ein kjem heilskinna ut på den andre sida.

Det var vel heime igjen, i Bø, at Edy nesten strauk i norsk. Berre veker seinare fekk ho antatt ei novelle i Samtiden. Det å sjå at ho «ikkje var heilt på jordet» var likevel viktig for henne.

– Ein treng slike små oppmodningar undervegs for å tørre å kjempe vidare. Eksmannen min og eg reiste vidare til London for å halde fram i livets skole.

Edy og mannen, Tam, budde der i sju år. Ho jobba som modell for fotografar og kunstnarar, solgte iskrem på Prince of Wales Theatre, var barista, laga events, jobba på galleriar, og mykje meir.

– Eg ville marinere meg i livserfaring og kunst. Mottoet var «happily frustrated». Eg trong input. Men eg trong også å vere frustrert nok til å gå heim for å jobbe med det som var verkeleg viktig for meg, som var debutboka mi.

I 2005 debuterte Edy med Anatomi. Monotoni. Sidan har ho jobba som forfattar og dramatikar, og har vore på mange forfattarturnéar. Det var då ho oppdaga at ho trivdes i klasserommet. Ho vart spurd om å halde skrivekurs. Tre år seinare har ho jobb på Westerdals.

– Eg trur at løyndommen bak Westerdals er at alle vi som underviser der prøver å lage ein skule vi sjølv ønsker vi hadde gått på.

LES OGSÅ: Vil ha meir historie i vidaregåande