Skjult bak eit alias

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aldri før har nokon så unge kome til finalen på Diktkammeret. Det slår juryen som plukka ut diktet fast. Dei har kring seks tusen dikt å vurdere kvar månad, alle skrivne anonymt. Overraskinga var stor då det bak nick–et (eng. nick-name, dvs. pseudonym) Rolf Rinde viste seg å stå ein pur ung seljording.

Juryen omtalar dikta som korte og rytmiske, og med ei stram form.

– Her er ikkje eitt ord overflødig. Men gjennom desse få orda og få linene, og nokre små blankliner til å trekkje pusten i, oppstår ei stor og visuell verd, ein klode som snurrar rytmisk rundt, heiter det i grunngjevinga.

Kortdikt

Helge er glad i kortdiktforma.

– Ein skal ikkje alltid bruke så mange ord. At bokstavane kling godt saman er ein styrke i seg sjølv. I tillegg må det vera ein større samanhang bak dei få orda, seier den unge lyrikaren som berre var fjorten år då kåringa fann stad før sommaren.

Då var erfaringa innan diktarkunsten berre eit fåtal månadar. Det var nemleg ikkje før på vårparten i år at Helge skreiv sine fyrste lyriske liner. Startsskotet gjekk med ei skuleoppgåve der elevane skulle skrive 7–8 dikt. Men det var slett ikkje slik at Helge gauv på leksa med stor iver.

– Når ein får ei skuleoppgåve så blir ein strengt tatt nøydd til å få noko ut av det. Eg hugsar norsklæraren min hadde store forhåpningar, men eg kom dårleg i gang. Ikkje før siste kvelden kom noko ned på papiret. Då skreiv eg 5–6 dikt på rappen. Så måtte eg bare levere det, smiler han.

God karakter

Resultatet må seiast å vera ganske vellykka. Han fekk ein god karakter. God karakter fekk han også av diktkammerets jury som vurderte «Flytande rammer»:

– Ei umiddelbar fridomskjensle melder seg når ein les diktet. Det er noko med det uendelege, med det flytande, som tiltalar oss. Der grensene blir løyste opp og me veit me er på veg, men ikkje nøyaktig korleis, og kanskje til og med ikkje heilt kvifor. Men vent, me er ikkje dei einaste som flyg der oppe over skyene. Også flya får liv i Rindes univers. Og dei flirer. Blunkar dei i det dei passerer kvarandre? Smiler dei av oss, eller kilar det i magen deira også, spør juryen.

Altså var det ikkje før etter skuleoppgåva i vår at han byrja å sende inn dikt til nettsida i Dagbladet. Fyrst til «Skulekammeret», som er arenaen for skuleelvar, men der fekk han ikkje så stor respons. I staden byrja han å sende inn til vaksenkammeret, der dikta i større grad blei kommenterte.

Rytmesans

– Kvifor namnet Rolf Rinde?

– Eg syns det er eit fint namn – det spelar på lydar og rytmikk i bokstavar, svarar lyrikaren som i høgste grad også har andre interesser. Alle med eit fellestrekk: Dei krev god rytmesans. Helge er nemleg ein ihuga folkedansar, som også deltek på kappleikar. I tillegg spelar han trommer. Det har han gjort i seks år i den lokale kulturskulen.

Akkurat i sommar har skrivinga dabba litt av fordi den allsidige tiandeklassingen har hatt anna å drive med. Men han ser føre seg at han også framover kjem til å ha det litt gøy med ord. Han er glad i norskfaget, og synest det er moro å skrive stilar og noveller. Glad i å lesa er han også. I tillegg har familien vore ei inspirasjonskjelde for den unge poeten. Faren, Bjørn Amdal, har vore aktiv på «Diktkammeret» i ti år. Og storesystera Svanhild har ein gong vore finalist på poesi-nettstaden.

Eit talent

Av jurymedlem Maria Børja blir Helge omtalt som eit talent. Ho meiner han har ein flott rytme i dikta sine, og tolkar diktet «Flytande ramme» slik:

– Når du flyg, og verda flyt under deg. Du legg bakhovudet til puta, snur blikket mot venste og ser kor langt mennesket har kome, kor langt du har kome. Alt er mogeleg. Verda ligg tusenvis av meter under deg, under bomullslaget som ligg mellom deg og den, og du veit at du har han for dine føter. I den andre retninga: The sky's the limit.

Flytande rammer

 

eit uendeleg hav

kritkvite bomullsdottar

 

fly som flirer

 

Rolf Rinde

 

Rullande repetisjonar

 

døgnet dansar

i takt

 

med togskinnesongen

 

dagdraumane og hjarterytmen

til ein hakkespett

 

Rolf Rinde

Diktkammeret

Eit diktforum i Dagbladet som blei starta i 2001. Sidan då har diktkammeret vore ein klekkje- og boltreplass for ny poesi på nettet. Månadleg blir det posta kring 6 000 nye dikt på nettstaden. På diktkammeret blir dikta lesne og diskuterte.

Poet, lyrikkanmeldar, psykolog og kunstkritikar Helge Torvund kommenterer utvalde dikt, og kvar månad blir eit utval finaledikt framheva. Heilt sidan starten har eitt «månadens dikt» blitt kåra. I juryen sit også journalist og forfattar Maria Børja.

(kjelde: dagbladet.no/diktkammeret)

Les saka i Vest-Telemark Blad!