Noreg er best i verda – igjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Britiske Legatum Institute har rangert 142 land etter ei rekkje faktorar, blant dei personleg fridom, kor lett det er å starta eiga næringsverksemd, kvaliteten på helse og utdanning, kor trygge innbyggjarane føler seg, kor god økonomi folk har og kor nøgde dei er med styresmaktene.

LES OGSÅ: Vestlandet er best i verda

Tillitsfulle nordmenn
Noreg hamnar for sjette året på rad øvst på lista og scorar særleg høgt i kategorien sosial kapital.

Heile 94,9 prosent av dei spurde her i landet meiner at dei kan stola på at dei vil få hjelp frå venner og familie dersom det trengst.

USA kjem på ein tiandeplass på grunn av økonomisk vekst, men scorar dårlegare på personleg fridom.

Russland scorar dårlegast av alle dei europeiske landa og vert lista som nummer 68 av landa i rapporten.

På 54. plass ligg Kina, som i likheit med USA scorar godt på økonomi og dårlegare på personleg fridom.

 (©NPK)

Faktaboks

Dei fem mest velståande landa i verda:
1. Noreg
2. Sveits
3. New Zealand
4. Danmark
5. Canada

Dei fem minst velståande landa i verda:
1. Den sentralafrikanske republikk
2. Tsjad
3. Kongo (Den demokratiske republikken Kongo)
4. Burundi
5. Jemen