Landets beste røyrleggarlærling

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen vart først publisert hos Ryfylke.

– Eg er jo litt overraska, ein kan liksom ikkje forvente å vinne når ein skal konkurrere med så mange flinke folk. Men eg håpa jo på det beste, seier den nybakte norgesmeisteren.

LES OGSÅ: – Stolt over å vera automatikar

Frå tysdag til torsdag i førre veke blei Yrkes-NM 2014 arrangert i Trondheim Spektrum. Kristian Herheim frå Sauda deltok i meisterskapen innan røyrleggarfaget og avla like godt svenneprøven sin i same slengen. Og det framfor tusenvis av tilskodarar i Trondheim Spektrum.

– Eg merka forsåvidt presset, men samstundes var det så mykje bråk at eg måtte gå med proppar med musikk i øyrene. Då blir ein litt i si eiga verd og klarer å lukke støy og andre folk ute, forklarer Herheim, som oppnådde 139 av 150 mulege poeng i konkurransen.

LES OGSÅ: Vil ha mannlege helsefagarbeidarar

I mai i år deltok Kristian Herheim og tre andre røyrleggarlærlingar i fylket i rogalandsmeisterskapen på Jåttå. 20-åringen frå Sauda gjekk sigrande ut av konkurransen, som også fungerte som kvalifisering til NM. Under NM konkurrerte Kristian Herheim mot fire andre røyrleggartalent. Oppgåva var todelt og dreidde seg i første omgang om planlegging.

– Vi fekk teikningar av eit røyropplegg til ein vask, eit toalett, ein dusj og eit varmeanlegg. Vi måtte gjere greie for kva vi trong av delar og utstyr for å løyse oppgåva, fortel Herheim.

Del to var praktisk og utfordra deltakarane på å legge opp røyrsystema etter gjeldande lovar og reglar.

LES OGSÅ: – Lærlingar er ei investering for framtida