Norsk barnefattigdom halvert dei siste åra

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barnefattigdom halvert

Noreg kjem særs godt ut i ein ny rapport frå FNs barnefond (Unicef) om barnefattigdom, skrivVårt Land.

Ingen andre kan visa til ei prosentmessig like sterk betring, sjølv om også Australia, Chile, Finland, Polen og Slovakia har hatt ei god utvikling.

LES OGSÅ: – Eittåringane er nøkkelen

– Ei gledeleg utvikling
Etter Noreg kjem Finland med nær 9 prosent fattige, medan resten ligg over 10-talet. Hellas ligg sist på lista med 40 prosent fattige barn.

– For norske barn er dette ei svært gledeleg utvikling. Det er oppsiktsvekkjande at delen barn som veks opp i absolutt fattigdom i Noreg er nesten halvert på fire år, seier juridisk rådgjevar Ivar Stokkereit i Unicef Norge.

LES OGSÅ: Spreke born, smarte born

Fattige familiar har hatt god vekst
Forskar Axel West Pedersen ved Institutt for samfunnsforskning seier at Unicef-rapporten først og fremst viser at fattige barnefamiliar i Noreg har hatt ein god vekst i realinntektene sine etter finanskrisa.

– I motsetnad til i mange andre rike land har ikkje barn i fattige norske familiar fått det materielt sett dårlegare etter at finanskrisa sette inn. Dei har teke del i velstandsveksten, om enn ikkje like raskt som den store middelklassen, seier Pedersen. (©NPK)