Den heile, fulle og totale sanninga om mennesket Erna Solberg. Her. No.

mm

Som alle andre som skriv i avisa, har også eg registrert at det har blitt skrive ein uautorisert biografi om Erna Solberg, der det mellom anna står ting om kjærleikslivet hennar og utsjånaden hennar. Eg  møtte Erna, og som den gode journalisten eg er, så stilte eg henne spørsmåla alle vil ha svar på:

– Erna Solberg, kva synest du om denne boka?

– Eg har ikkje lese boka.

– Greitt. Men viss du hadde lese boka, kva ville du då ha meint om denne boka?

– Eg kjem nok ikkje til å lese denne boka.

– Greitt. Men la oss seie, som eit tankeeksperiment, at du hadde lese denne boka, kva trur du då at du ville meint om boka?

– Eg er ikkje så interessert i å snakke om denne boka. Eg er meir opptatt av å snakke om politikk. Eg trur også det er det folk er interesserte i.

– Greitt. Men viss du ikkje var så opptatt av politikk, og viss folk ikkje var så interesserte i politikk, og du hadde lese denne boka, kva trur du då at du ville ha meint om denne boka?

– Eg synest det er vekkasta tid å snakke om dette. Eg vil snakke om politikk.

– Greitt. Men viss du ikkje syntest det var vekkasta tid å snakke om denne boka, og viss du ikkje ville snakke om politikk, kva ville du då meint om denne boka?

– Det kjem ikkje til å skje. Eg vil snakke om politikk. Det er det eg driv med. Det er det som er viktig.

Greitt. La meg spørje om noko anna i staden. I denne boka blir det fokusert på privatliv og utsjånad. Synest du det er betenkelig at det er så mykje fokus på andre ting enn politikken?

– Eg har som sagt ikkje lese boka, og er ikkje så interessert i å snakke om det som står der.

– Greitt. Men viss du hadde lese boka, og viss du var interessert i å snakke om det som står der, ville du du meint at det er betenkelig at det er så mykje fokus på andre ting enn politikken?

– Sikkert. Eg snakkar som sagt helst om politikk.

– Kvifor trur du det er slik at det blir meir og meir fokus på utsjånad og privatliv og mindre og mindre fokus på politikk?

– Beats me. Eg er klar til å snakke om politikk. Når som helst. Gjerne no.

– Det skal vi komme tilbake til. Vi har også med oss ein opposisjonspolitikar. Kva tenker du om dette fokuset på utsjånad og privatliv i politikken? Er det uheldig?

– Eg er ikkje opptatt av det. Eg er opptatt av politikken til statsministeren.

– Kvifor er alle så opptatte av kroppen til statsministeren?

– Eg sa at eg er opptatt av politikken hennar. Ikkje kroppen.

– Kvifor trur du det har blitt slik at ingen er interesserte i å snakke om politikk meir? Har vi fått eit kroppsfiksert samfunnn?

– Det er ikkje sant at folk ikkje er interesserte i å snakke om politikk. Både eg og statsministeren er klare til å snakke om politikk. Når som helst.

– Greitt. Men viss det var slik at ingen var interesserte i å snakke om politikk, kvifor trur du då det ville vore sånn?

– Det er ikkje slik.

– Greitt. Men viss det var det, ville det vore uheldig?

– Eg trudde vi skulle diskutere budsjettet?

– Det skal vi komme tilbake til. Erna Solberg, kvifor trur du det er slik at når ein inviterer to av landets mest sentrale politikarar til ein samtale, så ender samtalen med å dreie seg om kropp, privatliv og utsjånad?

– Det trur eg er fordi det er det einaste du spør om.

– Men er det ikkje uheldig?

– Absolutt. Eg er her for å snakke om budsjettet.  

– Føler du at alt dette fokuset på ditt privatliv og din utsjånad stel tid, tid som du kunne og burde brukt til beste for landet?

– Absolutt.

– Det var det vi rakk. Tusen takk for at de kom.


Først publisert i Aftenposten 1. november.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56
ANNONSE