– Ville Vesten under Mannen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rauma er ein liten kommune i Møre og Romsdal, der folk bur omkransa av fjord og fjell. I det siste har det vore mykje fokus retta mot fjellet Mannen.

Ved Åndalsnes barneskule går Thomas Runde i sjuande klasse. Han måtte evakuere frå sin eigen heim. Vi spurde han litt om korleis det har vore for han den siste veka.

– Eg synes det er veldig kjedeleg, og eg er lei meg for at eg måtte dra frå heimen min, seier han og ser bort.

Han synest det er ganske irriterande med alt oppstyret rundt Mannen og det å vere i søkjelyset.

– Eg tenkte aldri at det skulle være farlig å bu ved fjella, seier Thomas Runde.

No vurderer geologar om det er mogleg å sprengje fjellet med vatn.

Foto: Åndalsnes Avis

– Hektisk
Lars Smisethjell, redaktør i Åndalsnes avis, pratar med oss over ein varm kopp kakao.

– Korleis er det når det blir så mange journalistar som skal spørje og ta bilde på ein gong?

– Det er litt som ville vesten, seier Lars og småflirar litt. –Det er om å gjere og være først frampå, og det løner seg å vere forberedt, vite litt om kva du skal seie og vite kven du har med og gjere.

– Det er også litt nytt og uvant, legg han til.

– Korleis synes du det er å jobbe som journalist?

– Det er spennande, spesielt med nettavis når vi raskt kan få ut informasjon til leserane. Det er jo sjølvsagt litt ekstra stress når vi både skal ha på papir og nett da.

– Korleis har det vore å jobbe med situasjonen ved Mannen den siste uka?

Lars oppsummerer med fire stikkord: givande, interessant, hektisk og motiverande.

Foto: TV2

– Bra Rauma-reklame
TV-kjendisen Gaute Grøtta Grav er sjølv oppvaksen og busett i Rauma kommune. Han har brukt fjella i Romsdalen mykje både sommar og vinter. Han snakkar varmt om heimplassen sin.

– Vi som bur i Rauma kommune er heldige, begynner Gaute.

– Det er så mykje som skjer her. Det er ein bra plass for unge å vokse opp, på grunn av alle mogligheitene, og at det er veldig lettvint.

– Korleisser du på alt oppstyret rundt Mannen?

– Det er bra Rauma reklame! seier Gaute med glad stemme.

– Det er jo ikkje så ofte det skjer store fjellskred i Norge, og det sett et stort fokus på plassen her. Når vi er så heldige at vi får varsel på førehand slik at ingen folk blir skadd, kan vi sjå på dette som ein slags attraksjon, og samtidig fokusere på alt det andre flotte vi har i kommunen vår. Derfor kan eg seia at dette er god reklame for Rauma.

Har du vore i nærleiken av andre ras i Rauma?

– For nokre år sia var det jo ras på fjellet Kirketaket, og det kom store snøblokker på størrelse med hus.

– Eg har aldri vore utsatt for ras sjølv, men eg har opplevd det på nært hald. Om du er forsiktig i fjella, så er det liten sjanse for å bli utsatt ras.

Gaute seier at folk i Rauma er flink til å bruke naturen og det er lett å finne noko som passar for alle. Allereie frå ungane går i barnehagen gjer dei kjekke ting ute i det fri, uansett vær, fleire gongar i veka. Kommunen arrangerer årleg ein Turmålskonkurranse der det er om å gjere å få flest klipp frå forskjellige postar rundt om i naturen. Dette fører til at mange unge går på turar dei kanskje elles ikkje ville visst om. Men for all del – å vere ein kommune som er kjent for naturglede, betyr ikkje at ein må på toppen av fjell heile tida. For mange er det naturglede å sitje på verandaen og sjå på fjella, medan ein drikk kaffi. Og det er slik vi likar at det skal vere, seier Gaute.

Artikkelen er skrive av Vårin Alida Østigård og Ramona Antonsen i samband med Operasjon Dagsverk.