Skrudde tida tilbake

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i Sunnhordland

I klasserommet er det song med salmar og oppbyggjelege songar. Her sit gutar i bukser og jenter i lange skjørt. Rektor Britt Kristin Ladehaug har på seg kjole og hatt, som bestemora hennar har hatt. I handa har ho eit spanskerøyr.

For 175 år sida starta Statsøvingsskulen ved Stordøens Stiftsseminar, som seinare blei Rommetveit skule. I lokale i Daaehuset på Tyse var det 54 elevar som dreiv med lesing, kristendom, skriving og rekning. Her var det salmesong i kvar einaste time. Men skriving og rekning? Det kunne elevane velja bort.

LES OGSÅ: Dei glade 1660-åra

Strengt og skikkeleg
Mathilde, Ida og Emilie er alle tre i gamle klede dei har funne fram frå inst i skap og loft. Dei kan knapt tru det dei har fått høyra om reglane i gamleskulen.

– Berre for å mista ei bok, kunne ein bli slått med spanskerøyr, fortel Mathilde, som fekk seg ein støkk i livet då læraren demonstrerte korleis røyret blei brukt. 

– Dei fekk ikkje gå på skulen dersom dei ikkje hadde sko. Og hadde dei ikkje sko så fekk dei skulk. Og skulka dei då kunne dei få bot, forklarer jentene ivrig.

Sjå video!

 

Video: Marius Knutsen

LES OGSÅ: Det store norske sviket

Rota på loft og i kjellar
– Utruleg kjekt at alle har teke dette så på alvor, seier Britt Kristin Ladehaug, som sit bak ein skrivepult av den skikkeleg gamle sorten.

Rektoren fortel om eit spesielt syn då elevar og tilsette kom til skulen onsdag morgonen. Alle saman i klede som om det var for 175 år sidan.

I høve jubileet har skulen henta fram gamle gjenstandar, og elevane har fått omvisingar og innføring i skulehistoria. Ut over dagen skal det, forutan leikar, bli linjegymnastikk, menneskeleg pyramide og Toro-marsj.

– Første time var ein gammaldags skuletime. Det er jo litt skummelt også med spanskerøyr og skammekrok, fortel rektoren.

Heile veke er sett av til jubileet, og sjølve fødselsdagen blir feira på fredag med open dag.

LES OGSÅ: Abdiserer på Twitter

Gym og handarbeid
Den første skulen på Rommetveit fekk sin første faste lærar først ti år etter at han blei opna. I 1867 byter skulen namn og heiter no Seminariets Øvelsesskole. Skulen flyttar saman med Seminariet, til «Annekset» i 1881 og får to faste lærarar.

I 1889 får elevane nye fag. Dei skal læra om naturfag, historie og geografi, og eit praktisk fag som gymnastikk og handarbeid. I 1918 blir annekset utvida, og bygget får 2. etasje.

Ikkje før i 1964 flyttar skulen inn i dagens lokale. Året etter blir Børtveit skule lagt ned, og også desse elevane byrjar på Rommetveit.

Under halvtaket i skulegarden står ein gjeng gutar med skjorter og kofter. Dei har byta fotballen ut med stein og krit.

– Det er akkurat som å hoppa paradis, fortel Adrian Lunde (11), som fortel at dei har funne på eigne reglar for leiken.

Gutane fortel at i gamle dagar lærte ein mykje mindre enn i dag. Det var berre skule nokre få veker, og heller ikkje då var alt obligatorisk. Jentene kunne sleppa unna matte, og gutane kunne sleppa å lesa.

– Dei trudde ikkje at jentene trong matte, seier Emil Clausen Sætre vantru.

LES OGSÅ: Språkets tilstand