Ingen er betre på ungdom
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Avisa Nordhordland
Radøy har eit brennande engasjement for barn og unge, uttalar juryen i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som har kåra kommunen til årets beste barne- og ungdomskommune i landet.
I grunngjevinga for kåringa blir det mellom anna framheva at Radøy satsar sterkt på at barn og unge skal ha gode og trygge oppvekstvilkår, og at alle skal ha moglegheit til å utvikla seg slik dei ønskjer.
– Årets barne- og ungdomskommune har visjonen ”tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle”, og det er noko som blir merka i arbeidet kommunen gjer for barn og unge, fastslår juryen.
LES OGSÅ: Språkets tilstand
Ein kjempestimulans
Barne-¸ likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne overrekte prisen til ordførar Jon Askeland under ein nasjonal barne- og ungdomskonferanse i Kongsberg. Askeland hadde med seg ungdomsrådsleiar Thomas Frotjold Valdersnes og ungdomskoordinator Katarina Birkeland under overrekkinga.
– Prisen er ein kjempestimulans for vidare arbeid. Først og fremst er dette ein pris til Thomas, Katarina, og alle barn, unge og vaksne som i jobb og frivilligheit gjer Radøy til Årets barne- og ungdomskommune 2014, sa Askeland i takketale.
I si sterke satsinga på barn og unge oppretta Radøy kommune for nokre år sidan ei stilling som ungdomskoordinator. Årets barne- og ungdomskommune har også eit aktivt ungdomsråd, som samarbeider tett med både kommunen, ungdomsklubben, ungdomskoordinatoren, idrettsrådet og andre.
LES OGSÅ: Uroleg for elevane under lærarløftet
Blir lagt merke til
– Ungdomsrådet har utmerka seg ved både å jobba aktivt i eigen kommune, men også gjennom arbeid i Ungdommens fylkesting og gjennom internasjonalt prosjektsamarbeid med andre land, og i samband med grunnlovsjubileet arrangerte ungdomsrådet ein stor demokratikonferanse. Det blir lagt stor vekt på at ungdomen blir teke med i større prosjekt og avgjersler både i ulike etatar i kommunen, og i frivillig sektor, uttalar juryen.
Det blir i grunngjevinga også trekt fram at Radøy har eit godt samarbeid på tvers av etatar, og mellom kommunen og frivillig sektor der ein jobbar saman mot eit felles mål. Fritidstilbodet til barn og unge i kommunen er stort og allsidig.
LES OGSÅ: Unge komponistar
– Tidleg innsats i alle ledd er eit fokus kommunen har for å sikra at alle barn og unge får god og tilpassa oppfølging gjennom heile oppveksten. Dei siste åra har kommunen hatt eit særleg fokus på uorganisert ungdom, for å skapa tilbod for dei, framhevar juryen.
LES OGSÅ: Uroa for sårbare Oslo-barn
Hus og koordinator for unge
Ordførar Jon Askeland understreka i talen at Radøy har prioritert å vera ein god bukommune, og spesielt ein god barne- og ungdomskommune.
– Kommunestyret har lagt vekt på det, og har særleg fatta to viktige vedtak: få til eit ungdommens hus, og å oppretta stillinga ungdomskoordinator.
Ordføraren trekkjer også fram sterk støtte til vårt aktive ungdomsråd, og at kommunen heiar på skulekorpsa våre, som er i norges- og europaeliten. Han framhevar også stor satsing på kulturskulen.
– Dei siste åra har Radøy fått til eit skuleutviklingsprogram, med særleg fokus på tidleg meistring heile vegen, som også er viktig for unge sitt sjølbilde i kvardagen, seier Askeland.
LES OGSÅ: Kronprinsen: – Det er utfordrande å vera ungdom i dag
Hårete mål – ei plikt
Som eit ledd i barne- og ungdomssatsinga ser ordføraren det også som ein gode at kommunen har klart å ha vatn i symjebassenget i 30 år. Radøy var også den første kommunen i Hordaland som inngjekk samarbeidsavtale med idrettsrådet.
– Me har rett og slett ikkje late oss stoppa av å vera ein heilt vanleg mindre kommune med dårleg økonomi på ei øy som ikkje alle veit kor er. Me har fighta og sett oss hårete mål på området barn og unge. Det er eigentleg den største plikta til kommunen å syta for at lokalsamfunnet er ein god plass å veksa opp og bu i, seier ordførar Jon Askeland.