Viste motstand mot forfølging

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen vart først publisert hos Sunnhordland

– Eg meiner det er urettferdig at ein ikkje skal få lov til å tru på Gud, og difor møter eg opp her i dag, fortel Annbjørg Reinertsen frå Stord.

På torget
Ho hadde teke med seg barna sine, for å høyra på appell og gå i fakkeltog på Stord onsdag kveld. Arrangementet er eit symbol på motstand mot at kristne blir forfølgde på grunn av trua si.

– Eg vil vera med å setja fokus på noko som ikkje er nyheitene kvar dag, men som folk likevel lid av kvar dag, seier Reinertsen.

LES OGSÅ: Skal vekkja folket med faklar

Veslesøster
Eli Minde, ein av initiativtakarane bak arrangementet, ønskte det frammøtte stolt velkommen på torget.

– Dette er eit protesttog mot vald mot kristne som skjer i over 60 land i dag. Det er også eit solidaritetstog til våre søsken, seier Minde.

Deretter innleia ho til allsang, og fekk dei frammøtte til å stemma i på «Store Gud vi lover deg».

– Eg er både stolt og glad over å presentera storebror min, Rune Larsen. Han skal halda appell til oss i kveld, seier Minde.

LES OGSÅ: Med fildeling som religion

Fakkel

Stordabuane John Ruben Reinertsen (8 år, f.v.) og Markus Natanael Sjursen (11) lyttar her til appellen på torget.

Appellen
Larsen sjølv takka for oppmøtet, men understreka at han håpte at talet tidobla seg til neste år.

– De er med på å svara på ropa om hjelp. I dag finst det menneske som blir halshogde, valdtekne og hengde fordi dei trur på Jesus, seier Larsen i appellen.

Fakkeltoget gjekk frå torget og bort til Stord kyrkje. Larsen leia lovsongen i kyrkja.

LES OGSÅ: Dette er jihad