Irene Bratteng Jenssen, Avisa Nordhordland
Irene Bratteng Jenssen, Avisa Nordhordland

Saka vart først publisert hos Avisa Nordhordland

Då 19 år gamle Lena Solberg frå Meland avslutta sine tre år på Knarvik vidaregåande denne våren, ville ho gjera noko annleis enn alle andre.

– Eg hadde lyst til å oppleva eit land som ikkje er eit typisk turistland. Ecuador er veldig ulikt Norge, og eg tenkte det ville verta spennande å oppleva ein heilt ny kultur.

I august reiste ho heimanfrå. Heilt åleine. I Quito i Ecuador venta fire veker med spanskkurs, og deretter tre månader med frivillig arbeid på barneheimen og skulen «Remar orphanage».

LES OGSÅ: Sel huset og flyttar til Singapore

– Vanskeleg å høyra

Lena hjelper til i førsteklassen på skulen. Fleire av ungane bur på skulen, og Lena fortel at ho har høyrt ulike historier og opplevingar nokre av barna har hatt.

– Det er vanskeleg å høyra dette, og vita at dei ikkje har fått den hjelpa dei burde. Eg kan tenka meg at dei ikkje får den merksemda og kjærleiken eit barn treng. Berre det å kunna gje dei ein klem, la dei sitta på fanget og vita at det gjer dei så godt, gir meg så utruleg mykje, seier ho.

LES OGSÅ: Med hjarta på asylmottak

Lena2

Lena hjelper til i 1. klasse på skulen og barneheimen «Remar Orphanage». Foto: Privat

Fornya uteområde
Utanfor barneheimen har elevane ein betongplass å leika på. Saman med to andre frivillige bestemte Lena seg for å måla opp baner for fotball, volleyball og basket. Dei kjøpte også nødvendig utstyr, til stor glede for borna.

– Berre det å sjå kor mykje meir plassen vert brukt gjer meg utruleg glad, seier ho.

LES OGSÅ: – Kommunane bør bruka eldsjelene meir

– Glad for det eg har
No har Lena vore i Ecuador i litt over sju veker, og stortrivst. Ho har aldri angra på at ho reiste åleine.

– Det var ganske skummelt i starten, men no er eg veldig glad for det. Eg har vorte meir utadvendt og sikker på meg sjølv.

Lena gler seg til den siste tida i Ecuador, og meiner forholda der har fått ho til å verta meir takknemleg og å få større perspektiv på ting.

– Eg kjem til å setja mykje meir pris på livet i Norge etter denne turen, seier ho.

LES OGSÅ: Ei historisk reise

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

ANNONSE