UiO-leiinga legg norsk-krav på is

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Legg norsk-krav på is

Artikkelen vart først publisert hos Universitas

Dekanane ved alle helsefaga ved Universitetet i Oslo (UiO) samla seg rundt ei forsøksordning om å betra norskferdigheitene til studentane. Planen var å innføra krav til karakteren «4» frå norskfaget i vidaregåande i ein treårsperiode.

LES OGSÅ: Vil ha strengare norsk-krav

Forslaget er no avvist av leiinga ved UiO.

– Problemstillinga bør løftast for vidare diskusjon i dei nasjonale fagråda, slik at tiltak kan gjerast koordinert og nasjonalt, seier prorektor Ragnhild Helene Hennum.

For dårleg grunngjeving
Dekan Solveig Kristensen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat) seier ho er skuffa og overraska. Ho etterlyser ei sterkare grunngjeving for avslaget.

– Avslaget er ubegrunna slik me opplever det. Me forstår at det er avvegingar for og imot ved ei slik prøveordning. Også me meiner det er ønskjeleg med nasjonal koordinering, men det å jobba nasjonalt tek lengre tid.

LES OGSÅ: Avviser samanslåing av høgskular

Etterlyser handlekraft
Kristensen meiner problemet med manglande norskferdigheiter må takast på alvor.

– Om dette får konsekvensar, kan det bli dramatisk for enkeltpasientane som blir ramma. Me har sett ei utvikling over ein lang periode med dårlege norskkunnskapar på alle helsefaga. Me sa ifrå på eit tidspunkt då det var naturleg å løfta problemet.

Kristensen meiner no at arbeidet vil forskyvast i tid fordi helsefaga må gå ein ekstra runde i diskusjon med Kunnskapsdepartementet.

– Det er behov for iverksetjing av tiltak no fordi det alltid vil ta litt tid etter at tiltak blir innført til ein merkar verknaden. Me sa ifrå då me nådde eit punkt der me ønska å løfta problemet, seier Kristensen.

Forslaget om prøveordninga kom etter klare tilbakemeldingar frå dei fagtilsette om at norsken kan vera så dårleg at det går utover kommunikasjonen med pasientar og nivået på eksamen.

LES OGSÅ: – Ville slå eit slag for nynorsken

Andre tiltak i det blå
I avslagsnotatet signert rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe kan ein lesa at «Det anbefales at helsefagene vurderer mulige tiltak for å styrke studentenes norskkunnskaper».

– Me er einige i at dette er eit viktig spørsmål som må behandlast, men det angår alle helsefagutdanningane i landet. Dette bør difor diskuterast og løysast nasjonalt, seier prorektor Hennum på vegne av leiinga.

MatNat-dekanen er usikker på kva tiltak det blir sikta til.

– Me har ikkje så mange moglegheiter til å utføra tiltak, og me veit ikkje kva tiltak som vil virka. Me kan ikkje driva norskopplæring. Eg veit rett og slett ikkje kva tiltak leiinga tenkjer på, og me har ikkje vore i dialog om det.

No varslar Kristensen at dei vil vidareføra arbeidet nasjonalt i den retninga rektoratet ønskjer.

LES OGSÅ: Nynorsk som fullverdig dataspråk