Kronerulling for å redda økologisk landbruksskule
I Aurland i Sogn har ei venneforeining starta kronerulling for å hindra at den einaste fulløkologiske skulen i landet – Sogn Jord- og Hagebruksskule, blir lagt ned.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kronerulling for landbruksskulen
– Bakgrunnen for kronerullinga er at vi ikkje stolar på at politikarane får dette til. Dei har no utsett saka gong på gong, seier leiar Aud Slettehaug frå Sunnfjord i den nystarta venneforeininga for Sogn Jord- og Hagebruksskule til Nynorsk pressekontor.
Skulen har fleire gonger vore truga av nedlegging. Slettehaug meiner dette heng saman med at skulen fell mellom fleire stolar, og at staten og Sogn og Fjordane fylke ikkje blir samde om kven som skal betala rekninga for nødvendige utbetringar ved skulen.
Problemet er at staten dekkjer utgifter til drift, men ikkje til nybygg.
– Det paradoksale er at drifta ved skulen er sikra gjennom landslinjeordninga, og at det er krav til standard på undervisningsbygg som skal vera utfordringa. Fylkeskommunen får alt dei treng for drifta utdanninga, men det blir svært vanskeleg når ein blir pålagt å byggja nye undervisningsbygg og at desse vedtaka fører til at ein kan bli nøydd å leggja ned heile skulen, seier Slettehaug.
Totalt er dei samla byggjekostnadane til nybygg kostnadsrekna til vel 80 millionar kroner.
LES OGSÅ: Ber regjeringa redda økoskulen
– Brei støtte
Målet til venneforeininga er å samla inn så mykje pengar at politikarane blir nøydde til å redda den truga økologiske jordbruksskulen.
– Målet vårt er å samla inn 12 millionar kroner, seier Slettehaug. Ho fortel at det er det som manglar for å gå i gang med første byggjetrinn som er kostnadsrekna til 43 millionar kroner.
Frå før har Sogn og Fjordane fylkeskommune sagt seg villig til å dekkja 26 millionar under føresetnad av at andre går inn med resten. Aurland kommune har sagt ja til å støtta prosjektet med fem millionar.
No prøver altså venneforeininga å få på plass dei siste 12 millionane. Tidlegare i år skreiv over tre tusen personar frå alle kantar av landet under eit opprop for å berga skulen. Slettehaug har stor tru på at folk også vil bidra økonomisk.
– Dei siste dagane kom det inn sju, åtte innbetalingar frå privatpersonar kvar dag. Innbetalingane varierte frå 200 kroner til 3.– 4.000 kroner, seier Slettehaug som har stor tru på at dei skal få inn pengane som manglar.
LES OGSÅ: Folkerop etter stygge poteter
Paradoks
Leiaren i venneforeininga meiner det er eit stort paradoks viss den einaste fulløkologiske landbruksskulen i landet skulle bli lagt ned i ei tid der regjeringa har som mål å auka produksjonen og konsumet av økologisk mat i Noreg.
– Innan 2020 har ein som mål å auka denne produksjonen til 15 prosent. Dette målet er vi i dag ganske langt frå å nå. Viss den økologiske landbruksskulen i Aurland blir lagt ned, vil det kvart år bli utdanna tjue færre økologiske agronomar i Noreg.
Slettehaug peikar på at det heller ikkje er nokon andre landbruksskular som utan vidare kan ta over, sidan det ikkje finst nokon andre tilsvarande utdanningstilbod i landet.
– Vi meiner difor det er heilt maktpåliggjande at vi får lov til å ta vare på å utvikla den økologiske landbruksskulen i Aurland for å nå målet om økologisk matproduksjon i Noreg. Det er bakgrunnen for at vi sette i gang kronerullinga, seier Slettehaug.
LES OGSÅ: – Vil ta knekken på norsk landbruk
Ny politisk behandling
Den 8. desember kjem truleg saka opp på nytt i fylkestinget i Sogn og Fjordane.
– Tidlegare i år har saka vore utsett to gonger. Det er svært frustrerande fordi vi ikkje kjem vidare. Vi tenkjer at dess fortare vi får inn pengane, dess raskare kan vi kan koma vidare. Viss ikkje vil det gå ut over både søkjartal og andre ting.
– Korleis ser du på utsiktene for at skulen skal bli berga?
– Eg håpar initiativet vårt blir så omfattande og viser så stor interesse frå folk flest at politikarane innser at dei må sjå nærmare på saka og prøva å føra skulen vidare, seier Slettehaug, som legg til at det alt er mange politikarar som har skjøna kor viktig skulen er og som støttar dei i kampen for å oppretthalda skulen.
No håpar ho at det breie folkelege engasjementet også skal føra til ei breiare politisk støtte.
– Når vi får vist det nasjonale engasjementet for skulen, håpar vi også at staten ser verdien av det vi gjer. Vi håpar det i neste omgang fører til at fleire departement kjem på banen – eller næringskomiteen som har det overordna ansvaret for næring og utvikling, seier Aud Slettehaug.
LES OGSÅ: Ida (19) har budd eitt år i ei hole