Vil stoppa ungdomshus-døden
Noregs Ungdomslag inviterte til konferanse for å redda dei mange ungdomshusa rundt om i bygder og byar i Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil redda ungdomshusa
I 1953 var det 850 ungdomshus i Noreg. No er det berre rundt 250 att, og det er årsaka til at Noregs Ungdomslag har starta eit ungdomshusprosjekt for å ta vare på dei husa som enno finst.
Denne helga gjekk seminare «Hus som skaper folk» føre seg i det nyopna Nynorskens hus i Oslo. Der var fleire føredrag om historia til ungdomshusa, desse små forsamlingshusa som poppa opp land og strand rundt i samband med unionsoppløysinga og hadde blømingstida si på 1920- og 1930-talet.
LES OGSÅ: Krev auka merksemd om ungdomshus
«Hus byggjer lag»
Også Riksantikvaren var tilstades for å snakka om kva verdiar og kva for hus ein skal ta vare på. Fleire av ungdomshusa i landet er alt freda, som til dømes Haugatun, Strandebarm ungdomshus i Kvam.
Men for Noregs Ungdomslag er det viktigaste at det er liv og aktivitet i ungdomshusa. Difor er prosjektet «Huset i bygda – ein kulturarena der du bur» etablert i Sogn og Fjordane Ungdomslag.
Prosjektet er treårig og går fram til 2016. Målet er å skapa synlegare og sterkare organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane. Det gjeld ikkje berre ungdomshusa, men også andre typar forsamlingshus. Det finst også eit Huset i bygda-prosjekt i Hordaland.
Dei to leiarane var på konferansen for å inspirera andre fylkeslag til liknande prosjekt og gi råd om aktivitetskart, drift og økonomi, etter mottoet «hus byggjer lag».
LES OGSÅ: Styrer ungdomshuset sjølv
Fosse-premiere på ungdomshuset
Sjølve føremålet med Noregs Ungdomslag er å skapa engasjement og levande lokalmiljø gjennom kulturaktivitetar, og her er ungdomshusa naturlege samlingspunkt. Til seminaret kom difor Asbjørn Eikerol, leiar av Dale ungdomslag i Sunnfjord, for å fortelja om korleis kvar laurdag blir ein fest i laget.
Teaterregissør Kai Johnsen med fleire fortalde og om korleis det var å arrangera verdspremiere i eit ungdomshus. Dei sette opp den nye framsyninga til Jon Fosse, «Hav», i storsalen på Gimle, kulturhuset til Bergen Ungdomslag Ervingen, tidlegare i år.
Faktaboks
Noregs Ungdomslag
• Frilynt ungdomslag skipa i 1896 som eit framhald av lese- og samtalelag og ynglingeforeiningar som vaks fram i siste halvdel av 1800-talet.
• Noregs Ungdomslag (NU) har i dag rundt 14.000 medlemmer i 400 aktive lokallag, fordelt på 22 fylkeslag.
• Målet med NU er å skapa levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar. Mykje av aktiviteten dreier seg om folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid.
• Også målsaka har vore viktig for NU og fleire av lokallaga er også tilslutta Noregs Mållag.
• NU har også etablert mange hundre ungdomshus rundt om i heile landet. Å skaffa forsamlingslokale til lokalsamfunna var ei viktig oppgåve først på 1900-talet, og dugnad på ungdomshuset samlar framleis unge og eldre til innsats for nærmiljøet i dag. (©NPK)