Regjeringa gir etter for press frå EU og ekstreme dyrevernarar og avviklar norsk selfangst, meiner Senterpartiet.

NPK-NTB-Mats Rønning
NPK-NTB-Mats Rønning

– Selfangstnæringa blir driven med 80 prosent subsidiar. Når dei blir fjerna, er det klart at konsekvensane blir store. Men om det er den endelege spikaren i kista for norsk selfangst, kan vi ikkje slå fast no, seier statssekretær Amund Ringdal (H) i Nærings- og fiskeridepartementet til NTB.

I budsjettforslaget frå departementet blir støtta til norsk selfangst på 12 millionar kroner fjerna frå neste år. I år har berre tre båtar deltatt i fangsten av 11.980 sel.

– Dramatisk

Senterpartiets Geir Pollestad, som leier Stortingets næringskomité, meiner bortfallet av statsstøtte vil bety slutten for ei næring som alt er på vikande front.

– I realiteten gir regjeringa etter for press frå ekstreme dyrevernarar og EU som ikkje har forståing for den historiske forankringa av selfangst og rolla den har i forvaltninga av økosystema, seier Pollestad.

Statssekretær Amund Ringdal avviser at avgjerda har noko som helst med forholdet til EU å gjere.

– Dette handlar kort og godt om økonomiske prioriteringar, seier Ringdal.

Han viser til at lønnsemda i næringa ikkje har auka trass i statlege tilskot under skiftande regjeringar dei siste tiåra.

– Havforskingsinstituttet har dessutan slått fast at fangsten av grønlandssel har vore så beskjeden at den ikkje har hatt noko avgjerande betydning for bestanden som såleis. Dermed fell argument om rolla til selfangsten for økosystemet bort, meiner Ringdal.

Overraska

Norges Fiskarlag kallar budsjettkuttet dramatisk og historisk.

– Selfangstnæringa blir utradert om forslaget om kutt i støtte på 12 millionar kroner blir vedtatt, seier Fiskarlagets leier Kjell Ingebrigtsen.

Han viser til den lange historiske tradisjonen som selfangsten har i Noreg.

– Vi har ein unik fangsttradisjon som med eit pennestrøk no kan ende med å bli avvikla. Det som er spesielt urovekkjande er at regjeringa samtidig bidrar til å fjerne eitt av dei store kompetansemiljøa på drift i arktiske miljø, seier Ingebrigtsen til Kyst og Fjord.

Dyrevernarar er på si side glad for at støtta til selfangsten blir avvikla. Det same seier dyrevernarane i NOAH.

Sel-subsidiane er eit typisk døme på at pengane til skattebetalarane blir brukt på ein meiningslaus måte. Ein har betalt for at selane blir drepne, betalt for at skinna blir kjøpt og i enkelte tilfelle også betalt for at skinna blir øydelagt, seier NOAHs Siri Martinsen.

Ho meiner det er grunn til å kutte subsidiane av dyrevernsomsyn også.

– Selfangsten blir driven på ein måte som sjølv styresmaktene har kritisert, hevdar Martinsen og viser til at Fiskeridirektoratet i 2010 ønska å skjerpe reglane. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE